Gerd
Gerd eller Gjerd er eit førenamn frå norrønt Gerðr avleidd av garðr i tydinga «gjerde» eller «vern», og frå lengre kvinnenamn med denne endinga (t.d. Valgjerd). På tysk kan Gerd vera ei kortform av Gerhard.
Gerd har namnedag i Noreg og Sverige den 23. mars.
Namneformer
[endre | endre wikiteksten]Kvinnenamnet har ei anna form, Gerda, medan mannsnamnet kan ha formene Gert og Geert. Eit mannsnamn frå same rot (utan i-ljodbrigde) er Gard.
Namnelekkene -gjerd (òg stava -gerd) finst i ei rekke kvinnenman, som Asgjerd, Hallgjerd og Ingjerd.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet Gerd er kjend på Island frå 900-talet, men i Noreg først frå 1800-talet. Gerd var blant dei mest brukte namna på nyfødde jenter i Noreg i perioden ca. 1910–1950.
Norrøn mytologi
[endre | endre wikiteksten]Gjerd er namnet på ei gyger i norrøn mytologi som Frøy forelska seg i og gifta seg med, skildra i Skirnesmål.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Kvinner
[endre | endre wikiteksten]- Gerd Nyquist (1913–1984), norsk forfattar
- Gerd Kirste (1918-2004), norsk politikar
- Gerd Åsta Hjelm Arnesen (1919–2003), norsk komponist og tekstforfattar
- Gerd Mårtensson (f. 1919), svensk skodespelar
- Gerd Brantenberg (f. 1941), norsk forfattar
- Gerd Dvergsdal (f. 1946), norsk politikar
- Gerd-Liv Valla (f. 1948), norsk fagforeiningsleiar
- Gerd Janne Kristoffersen (f. 1952), norsk politikar
- Gerd Kvale (f. 1955), norsk psykolog
Menn
[endre | endre wikiteksten]- Gerd von Rundstedt (1875-1953), tysk offiser
- Gerd Albrecht (f. 1935), tysk dirigent
- Gerd Müller (f. 1945), tysk fotballspelar
- Gerd Binnig (f. 1947), tysk fysikar, vann nobelprisen i 1986
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Gerd» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2009.