Gelsenkirchen
Gelsenkirchen | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Münster Kreisfri by |
Geografi | |
Flatevidd - By |
104,8 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2007) - folketettleik |
266 772 2 545/km² |
Koordinatar | 51°31′0″N 7°6′0″E / 51.51667°N 7.10000°E |
Høgd over havet | 60 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 45801-45899 |
Telefon-retningsnummer | 0209 |
Bilnummer | GE |
Heimeside: www.gelsenkirchen.de |
Gelsenkirchen er ein by i delstaten Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Byen ligg i Ruhrområdet ved elva Emscher. Innbyggjartalet er om lag 265 000 (2007).
Gelsenkirchen vart første gong omtala skriftlege kjelder i 1150, men byen var ein liten landsby fram til 1800-talet. Den industrielle revolusjonen førte til stor økonomisk vekst i heile området. I 1840, då ein byrja å utvinna kol, budde det 6000 innbyggjarar i Gelsenkirchen. I 1900 hadde folketalet stege til 138 000.
Byen sin kolindustri synte seg å vera viktig for Tyskland under andre verdskrigen og for utviklinga av oljeindustri fram til i dag. For å kunne vera sjølvforsynt med olje, vart det før krigen starta oljeproduksjon basert på kol. Dette var starten på oljeselskapet Veba Öl AG, som mellom anna forsynte bensinstasjonane til føretaket Aral. I 2001 vart Veba Öl seld til oljeselskapet BP.
Fotballklubben FC Schalke 04 er frå Gelsenkirchen. Schalke si heimebane, Veltins-Arena, vert rekna for å vera eit av dei mest nyskapande stadionanlegga som er bygd dei siste åra.