Hopp til innhald

Gammastråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nattehimmelen sedd i gammastråling. Foto teke av Fermi-teleskopet.

Gammastråling er den mest kortbølgja og soleis den mest energirike elektromagnetiske strålinga. Gammastråling kan bli sendt ut under kjernereaksjonar, slik som radioaktivitet eller elektron-positron-annihilering, men òg under astrofysiske prosessar, slik som gammaglimt, der enorme mengder gammastråling blir frigjeven. Gammastråling har frekvensar over 1010 Hz, energiar over 100 keV og bølgjelengder kortare enn 10 pikometer.