Hopp til innhald

Gabonelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabonelva
estuar
Land  Gabon
Kart
Gabonelva
0°14′N 9°31′E / 0.24°N 9.51°E / 0.24; 9.51

Gabonelva eller Gabonestuaret (Estuaire du Gabon) er eit elveestuar i Gabon som er danna av den felles munningen til Komo, Remboué og Bilagone.[1][2] Ho går 65 kilometer mot aust frå Guineabukta.[3] Namnet «Gabon» er avleidd frå portugisisk Gabão, ‘kappe’, som viser til forma på estuaret.[3]

Estuaret ligg i provinsen Estuaire, i den nordvestlege delen av Gabon. Hovudstaden Libreville ligg ved munningen av estuaret.

  1. «Gabonviken». Nationalencyklopedin (på svenska). Henta 2 mars 2022. 
  2. Lerique, Jacques: Barret, Jacques: Géographie et cartographie du Gabon «Hydrographie, hydrologie», Institut pédagogique national, Libreville 1983, s. 16. ISBN 9782850693014. 
  3. 3,0 3,1 «Gabon – elvemunning i Gabon». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023.