Brukar:Erlend
| ||
| ||
| ||
|
Erlend Estenstad (f. 10. mars 1981), av utlendingar gjerne kalla «Ireland», kjem opprinneleg frå Skaun i Sør-Trøndelag.
Av utdanning har Erlend ein mastergrad/DEA i internasjonal økonomi frå daverande HEI Genève i Sveits og ein bachelorgrad i finansiell styring frå Trondheim Økonomiske Høgskole. I løpet av bachelorgraden var han eit semester i Leeds som utvekslingsstudent. Han har òg enkeltfag innan statsvitskap, afrikastudium og fransk, og dessutan nokre ekstra samfunnsøkonomifag frå NTNU.
Wikifilosofien hans er å skrive og/eller omsetje om fagområde han meiner han kan ein del om (økonomi), tema han synest er artige å ta tak i (til dømes geografi), og aktuelle emne han trur folk kjem til å søkje på i den næraste tida (slik som norske idrettsutøvarar rett før eit OL). I tillegg kjem generell feilretting og nødvendig opprydding.
Han synest det er berre fint dersom nokon betrar artiklane han har skrive på og blir glad for helsingar og meiningsytringar på diskusjonssida si! :)