Bjarte
Utsjånad
Bjarte er eit mannsnamn, ei norsk kortform av namn på Bjart-, og tyder 'lys, skinande'.
Bjarte har i Noreg namnedag den 1. februar.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet er kjend frå Møre og Romsdal frå 1700-talet.[1] Populariteten voks monaleg etter andre verdskrigen, og nådde ein topp i 1970-åra.
- Ved folketeljinga i 1801 var fire registrerte med namnet Biarte,, alle frå «Agerøe» prestegjeld i Møre og Romsdal, og det var tre med namnevarianten Bjerte, og seks med namnet Bjertesen, alle frå Lesja (Lessøe) prestegjeld i Oppland.
- Ved folketeljinga i 1900 var det 11 som hadde namnet Bjarte, av dei sju i Vestnes i Møre og Romsdal
- I 2008 er det 2076 som har Bjarte til første fornamn
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Bjarte Leithaug (f. 1957), norsk forfattar, komponist, musikar og songar
- Bjarte Hjelmeland (f. 1970), norsk skodespelar
- Bjarte Engen Vik (f. 1971), norsk kombinertløpar
- Bjarte Mørner Tveit (f. 1978), norsk dokumentarfilmregissør og produsent
- Bjarte Eike, norsk fiolinist
- Bjarte Breiteig (f. 1974), norsk forfattar
- Bjarte Vatlestad, (f. 1973) norsk fotballspelar
- Bjarte Myrhol, (f. 1982) norsk handballspelar
- Bjarte Keilen, (f. 1990) norsk judoutøvar
- Bjarte Haugsdal (f. 1990), norsk fotballspelar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Bjarte hjå Statistisk Sentralbyrå