Birger Ljungberg
Birger Ljungberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. juni 1884 Kråkerøy |
Død |
20. april 1967 (82 år) |
Yrke | politikar, offiser |
Politisk parti | Høgre |
Birger Ljungberg på Commons |
Birger Ljungberg (7. juni 1884–20. april 1967) var ein norsk offiser og politikar frå Kråkerøy. Han var forsvarsminister i Nygaardsvold-regjeringa 1939-41.
Ljungberg var son til ein bruksstyrar. Han tok eksamenar ved krigsskulen i 1906 og den militære høgskulen i 1909, og var frå 1906 premierløytnant i 1. Akershusiske Brigade. I 1910 var han adjutant ved Smålenenes linjebataljon. Årå 1911 og -12 var han i Sør-Amerika. Frå 1916 til -17 var han kaptein og regimentsadjutant i Telemarken Infanteriregiment nr 3. Han var så sjef for 2. jegerkompani frå 1919 til 1930. Deretter var han kompanisjef og sjef for krigsskulen til 1932, medan han i åra 1931-37 gjorde teneste i generalstaben. Frå 24. desember 1937 var han sjef for Østfold Infanteriregiment nr 1 og kommandant i Fredrikstad, med grad av oberst.
Den 22. desember 1939 vart Ljungberg, medlem av av partiet Høgre, forsvarsminister i Johan Nygaardsvold si regjering. Utnemninga var eit svar på kritikk frå offisershald. Ljungberg var såleis ansvarleg statsråd då Nazi-Tyskland angreip Noreg i april 1940. Hans gjerning i tida rundt angrepet vart kritisert av Undersøkelseskommisjonen av 1945. Særleg vart han kritisert for at mobiliseringsordren 9. april var så uklar. Han fylgde i juni 1940 regjeringa til Storbritannia. Ljungberg var permittert frå statsrådet frå november 1941, og endeleg avsett 20. mars 1942.
I 1942 Ljungberg utnemnd til generalmajor og representerte det neste året det norske forsvarsdepartementet i USA. Sidan var han militærattache i Canada 1943-44 og i USA 1944-45.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Birger Ljungberg» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mai 2017.