Hopp til innhald

Belaja ved Anadyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre elvar med same namn, sjå Belaja.
Belaja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 44 700 km²
Lengd 347 km
Munning Anadyr
Kart
Belaja ved Anadyr
65°30′46″N 173°16′21″E / 65.51277778°N 173.2725°E / 65.51277778; 173.2725

Belaja (russisk Бе́лая) er ei elv i Tsjukotka i Russland og ei av sideelvane til Anadyr frå venstre. Elva er 347 km lang og har eit nedslagsfelt på 44 700 km².

Elva renn austover frå kjelda og om lag 40 km frå Polarsirkelen snur ho sørover. Elva renn gjennom tynt folkesette område og munnar ut i Anadyr meir enn 300 km frå munningen hennar. Nedanfor samløpet med Belaja deler Anadyr seg i fleire mindre greiner. Alle desse elvane er dekte av is i opp til 8-9 månader av året.

Landsbyen Ust-Belaja ligg ved munningen til Belaja.