Betty
Utsjånad
Betty er eit kvinnenamn opphavleg danna som ei engelsk kortform av Elizabeth, med tydinga 'Gud er fullkomen'.
Betty har norsk namnedag 8. mars. Bette, Betsy og Bess er nærskylde namn.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Betty var opphavleg eit utbreidd kjælenamn i England for kvinner kalla Elizabeth. Det blei etterkvart gjeve som døypenamn, særleg i USA. Der var namnet særleg populært frå like før 1920 til nokre år etter 1945, då det blei gjeve til over 1,0 % av nyfødde.
I Noreg er det 498 kvinner som heiter Betty (2009).
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Betty Friedan (1921–2006), amerikansk kvinnesakskvinne
- Betty Blue (1931–2000), amerikansk modell og skodespelar
- Betty Williams (f. 1943), nordirsk fredsprisvinnar
- Betty Davis (f. 1945), amerikansk songar
- Betty Ann Bjerkreim Nilsen (f. 1986), norsk langrenns- og orienteringsløpar
Oppdikta
[endre | endre wikiteksten]- Betty Boop, teikneseriefigur laga av Paramount Pictures
- Ugly Betty, amerikansk TV-serie basert på den kolombianske Betty la fea
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Betty hjå Statistisk Sentralbyrå
- Delar av denne artikkelen bygger på «Betty» frå Wikipedia på bokmål, den 7. mars 2009.