Barney Kessel
Barney Kessel | |||
| |||
Fødd | 17. oktober 1923 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Muskogee i Oklahoma i USA | ||
Død | 6. mai 2004 (80 år) | ||
Dødsstad | San Diego i USA\ | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1940-åra til 1992 | ||
Sjanger | Jazz, pop, R&B, rock | ||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | Chico Marx, Oscar Peterson, Ray Brown, Sonny Rollins, Phil Spector, The Beach Boys, The Monkees, Milt Jackson, The Wrecking Crew | ||
Plateselskap | Columbia, Contemporary, Reprise, Black Lion | ||
Verka som | Musikar, komponist | ||
Gift med | B. J. Baker | ||
Prisar | Oklahoma Music Hall of Fame |
Barney Kessel (17. oktober 1923–6. mai 2004) var ein USA-amerikansk jazzgitarist. Han var særleg kjend for den store kunna i akkordar og inversjonar og akkordbaserte melodiar. Han var medlem av fleire jazzgrupper og vart mykje nytta som studiomusikar og til film- og fjernsynsmusikk. Kessel var medlem av ei gruppe studiomusikarar som uformelt vart kalla The Wrecking Crew.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Kessel byrja karrieren sin som tenåring og turnerte med lokale danseband. Då han var 16 år spelte han med Hal Price & the Varsitonians. Han gjekk så vidare til band som bandet leia av Chico Marx. I 1944 deltok han i filmen Jammin' the Blues, med Lester Young, og i 1947 spelte han med Charlie Parker's New Stars på Relaxin' at Camarillo-innspelinga for Dial Records.[1] Han vart kåra til den beste gitaristen av Esquire, Down Beat og Playboy i undersøkingar mellom 1947 og 1960.[2]
Kessel er kjend for det nyskapande gitararbeidet i triosettingar. I 1950-åra laga han ei rekkje album kalla The Poll Winners med Ray Brown på bass og Shelly Manne på trommer. Han var òg gitarist på albumet Julie Is Her Name (1955) av Julie London, som inneheld standarden «Cry Me a River». Denne songen vart ein stor hit med gitar av Kessel, der han syner den melodiske akkordstilen å spele på i ei lita jazzgruppe.[3] I 1950-åra gav han ut tre Kessel Plays Standards-album md noko av det mest polerte arbeidet hans.
Kessel var òg medlem av Oscar Peterson Trio med Brown i eitt år, men slutta i 1953. Kessel spelte òg med Sonny Rollins seint i 1950-åra og spelar på Sonny Rollins and the Contemporary Leaders på songar som «How High the Moon».
Kessel vart mykje nytta som studiogitarist av Columbia Pictures i 1960-åra og vart ein av dei mest etterspurte gitaristane i Amerika, og vert rekna som eit viktig medlem i gruppa av studiomusikarar ein kalla The Wrecking Crew. Han spelte på hundrevis av kjende popinnspelingar med album og singlar for Phil Spector, The Beach Boys, The Monkees og mange andre. Han spelte ein jazzgitarist kalla «Barney» i ein episode av Perry Mason.
I 1961 introduserte The Gibson Guitar Corporation ein Barney Kessel-modell og denne var i produksjon fram til 1973.
Pete Townshend hylla gitaristen på albumet Scoop i 1983 med instrumentalen «To Barney Kessel».
Død
[endre | endre wikiteksten]Kessel, som hadde hatt dårleg helse etter eit hjerneslag i 1992, døydde av ein hjernesvulst i heimen sin i San Diego i California den 6. mai 2004, 80 år gammal.[4]
Personleg liv
[endre | endre wikiteksten]Kessel var gift med B.J. Baker. Dei skilde seg i 1980. Sønene til Kessel, David og Daniel, vart òg studiomusikarar, og arbeidde med Phil Spector i 1970-åra.[5]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Som leiar
[endre | endre wikiteksten]- Easy Like (Contemporary 1953–55 [1955])
- Kessel Plays Standards (Contemporary, 1954–55 [1955]) nyutgjeving av Barney Kessel Volume 2 10" LP med fleire songar
- To Swing or Not to Swing (Contemporary, 1955) med Sweets Edison, Georgie Auld, Jimmy Rowles
- Music to Listen to Barney Kessel By (Contemporary, 1956)
- The Poll Winners (Contemporary, 1957) med Shelly Manne og Ray Brown
- Let's Cook! (Contemporary, 1957)
- The Poll Winners Ride Again! (Contemporary, 1958) med Shelly Manne og Ray Brown
- Carmen (Contemporary, 1958)
- Some Like It Hot (Contemporary, 1959)
- Poll Winners Three! (Contemporary, 1959) med Shelly Manne og Ray Brown
- Barney Kessel's Swingin' Party (Contemporary, 1960 [1963])
- Exploring the Scene! (Contemporary, 1960) med Shelly Manne og Ray Brown
- Workin' Out! with the Barney Kessel Quartet (Contemporary, 1961)
- Breakfast at Tiffany's (Reprise, 1961)
- Bossa Nova (Reprise, 1962)
- Contemporary Latin Rhythms (Reprise, 1963)
- On Fire (Emerald, 1965)
- Swinging Easy! (Black Lion, 1968 [1971])
- Hair Is Beautiful! (Atlantic 1968)
- Feeling Free (Contemporary, 1969)
- Gitarra (RCA Camden, 1969 [1970])
- Barney Kessel (RCA Victor, 1969)
- Limehouse Blues (Freedom, 1969) med Stéphane Grappelli
- I Remember Django (Black Lion, 1969) med Stéphane Grappelli
- Autumn Leaves (Black Lion 1969)
- What's New...Barney Kessel? (Mercury, 1969)
- The Poll Winners – Straight Ahead (Contemporary 1975) med Shelly Manne, Ray Brown
- Soaring (Concord Jazz 1976)
- Solo (Concord Jazz 1981)
- Spontaneous Combustion (Contemporary 1987) med Monty Alexander Trio
- Red Hot and Blues (Contemporary 1988) ed Bobby Hutcherson, Kenny Barron, Rufus Reid, Ben Riley
Som sidemann
[endre | endre wikiteksten]Med Georgie Auld
Med Chet Baker
- Albert's House (Beverley Hills, 1969)
Med Louis Bellson
Med Benny Carter
- Alone Together (Norgran, 1952 [1955])
- Cosmopolite (Norgran, 1952 [1956])
- Jazz Giant (Contemporary, 1958)
Med Buddy Collette
- Man of Many Parts (Contemporary, 1956)
Med Harry Edison
Med Roy Eldridge
- Dale's Wail (Clef, 1953)
Med Ella Fitzgerald
Med Hampton Hawes
- Four! (Contemporary, 1958)
Med Billie Holiday
- Billie Holiday Sings (Clef, 1952)
- Billie Holiday (Clef, 1953)
- Billie Holiday (Clef, 1954)
- Billie Holiday at JATP (Clef, 1954)
- Music for Torching (Clef, 1956)
- Velvet Mood (Clef, 1956)
- Lady Sings the Blues (Clef, 1956)
- Body and Soul (Verve, 1957)
- Songs for Distingué Lovers (Verve, 1957)
- All or Nothing at All (Verve, 1958)
Med Milt Jackson
- Ballads & Blues (Atlantic, 1956)
Med Oliver Nelson
- Soulful Brass med Steve Allen (Impulse!, 1968)
Med Anita O'Day
- This Is Anita (Verve, 1956)
- Pick Yourself Up with Anita O'Day (Verve, 1957)
- Anita Sings the Winners (Verve, 1958)
- Anita O'Day Swings Cole Porter with Billy May (Verve, 1959)
- Trav'lin' Light (Verve, 1961)
Med Shorty Rogers
Med Sonny Rollins
- Sonny Rollins and the Contemporary Leaders (Contemporary, 1958)
Med Shorty Rogers
- Martians Come Back! (Atlantic, 1955 [1956])
- Way Up There (Atlantic, 1955 [1957])
- Chances Are It Swings (RCA Victor, 1958)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Barney Kessel på Allmusic
- ↑ «Barney Kessel». 12. juni 2004. Henta 29. november 2016.
- ↑ The Guinness Who's Who of Fifties Music. General Editor: Colin Larkin. First published 1993 (UK). ISBN 0-85112-732-0. Julie London, s. 210.
- ↑ Keepnews, Peter (May 8, 2004). «Barney Kessel, 80, a Gitarist With Legends of Jazz, Dies». The New York Times.
- ↑ Brown, Mick (2008). Tearing Down the Wall of Sound: The Rise and Fall of Phil Spector. Vintage Books. ISBN 978-1400076611.
- Denne artikkelen bygger på «Barney Kessel» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kessel, Barney; Laurindo Almeida, Howard Heitmeyer, Al Hendrickson, Bill Pitman, Bob Bain, Jack Marshall, Howard Roberts (1961). West Coast Gitar: Eight Original Solos for Gitar. New York: Leeds Music Corporation. ASIN B0080YPG16.
- Marshall, Wolf; Kessel, Barney (2009). Barney Kessel: A Step-by-Step Breakdown of His Gitar Styles and Techniques. Hal Leonard Corporation. ISBN 978-1423430476.
- Summerfield, Maurice J.; Kessel, Barney (2008). Barney Kessel: A Jazz Legend. Ashley Mark Publishing. ISBN 978-1872639697.
- Kessel, Barney (1992). The Jazz Gitar Artistry of Barney Kessel: Gitar Solo. Ashley Mark Publishing. ISBN 978-0793516438.
- Kessel, Barney (1997). The Jazz Gitar Artistry of Barney Kessel, Vol. 2. Ashley Mark Publishing. ISBN 978-0793587056.
- Kessel, Barney (2000). The Jazz Gitar Artistry of Barney Kessel, Vol. 3. Ashley Mark Publishing. ISBN 978-0634023231.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Barney Kessel på Allmusic
- Video på YouTube
- «Barney Kessel». Find a Grave. Henta 10. august 2010.