Bagdad guvernement
Bagdad | |||
بغداد | |||
guvernement | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 33°20′N 44°26′E / 33.333°N 44.433°E | ||
Hovudstad | Bagdad | ||
Areal | 204,2 km² | ||
Folketal | 9 500 000 (2017) | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
Bagdad guvernement 33°20′00″N 44°26′00″E / 33.333333333333°N 44.433333333333°E | |||
Bagdad guvernement
| |||
Wikimedia Commons: Baghdad Governorate |
Bagdad guvernement (arabisk محافظة بغداد, romanisert Muḥāfaẓät Baġdād ) er hovudstadsguvernementet i Irak. Det omfattar byen Bagdad og det kringliggande storbyområdet. Guvernement er det minste av dei 18 guvernementa i Irak, men det mest folkerike med opp under 10 millionar innbyggjarar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Bagdad guvernement er eit av dei mest utvikla områda av Irak, med betre infrastruktur enn dei fleste andre stader i landet. Det vart sterkt øydelagd under den USA-leia invasjonen i 2003 og opplever framleis vald i dag. Det har eit av dei høgaste nivåa for terroritaktivet i verda med sjølvmordsbomboarar og dødsskvadronar i byen.
Bagdad har minst 12 bruer over Tigris som går mellom den austlege og vestlege delen av byen. Den nordaustlege delen av guvernementet omfattar fleire mesopotamiske myrer.
Sadr by er det tettast folkesette området i Irak.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]- Abu Ghraib
- Adhamiyah
- Kadhimiya
- Karkh
- Karrada
- Al-Mada'in
- Mahmudiya
- Al-Rusafa
- Sadr by 1
- Sadr by 2
- Taji
- Al-Tarmia
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Baghdad Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2017.