Babben Enger
Utsjånad
Babben Enger | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. september 1939 (85 år) Oslo |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964 |
Babben Enger Damon (fødd 19. september 1939) er ein norsk tidlegare langrennsløpar som konkurrerte i 1960-åra. Ho var med på det norske laget som vann gull på 3 x 5 km stafett under OL 1968 i Grenoble. Lagvenninnene var Inger Aufles og Berit Mørdre Lammedal.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1959: Nr 5 i i Porsgrunn
- Ski-NM 1960: Bronsemedalje på Fåberg
- Ski-NM 1961: Sølvmedalje på Rena
- Ski-NM 1962: Nr 5 i Molde
- Ski-NM 1963: Gullmedalje både på 5 og 10 km i Birkenes
- Ski-NM 1964: Gull på 10 km og sølv på 5 km på Furnes
- Ski-NM 1965: -
- Ski-NM 1966: Nr 4 på 10 km på Hernes
- Ski-NM 1967: Sølvmedalje på 5 km på Skorovatn
- Ski-NM 1968: Bronsemedalje på 10 km i Bærum
Orientering
[endre | endre wikiteksten]Babben Enger-Damon konkurrerte i det første europeiske meisterskapen i orientering i 1962 og enda på ein andreplass i den uoffisielle stafettkonkurransen saman med resten av det norske laget.