Australopithecus
Utsjånad
Australopithecus | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Australopithecus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Hominidae |
Underfamilie: | †Australopithecinae |
Slekt: | †Australopithecus Dart, 1925 |
Australopithecus (frå latin australis, ‘sørleg’ og gresk pithekos (πίθηκος), ‘ape’) er ei biologisk slekt av utdøydde hominidar som levde i pliocen og pleistocentida (frå rundt 5 millionar år til 12 tusen år sidan). Det er funne fleire fossilar etter ulike artar i denne slekta i austre, sentrale og sørlege Afrika. Australopithecus er nærskyld slekta Homo, med fleire menneskeliknande men også fleire apeliknande trekk. Det har vore spekulert i om Homo stammar frå Australopithecus, men dette er omdiskutert.
Australopithecus gjekk på to og hadde små hjørnetenner, som menneske. Dei hadde derimot store jekslar og små hjernar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Australopithecus», Encyclopædia Britannica, 2009
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Australopithecus i Encyclopedia of Life
- (en) Australopithecus i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Australopithecus hos Fossilworks
- (en) Kategori:Australopithecus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Australopithecus – detaljert informasjon på Wikispecies