Aust-Nusa Tenggara
Aust-Nusa Tenggara | |||
provins | |||
|
|||
Land | Indonesia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Kupang | ||
Areal | 48 718,1 km² | ||
Folketal | 5 070 746 (2014) | ||
Aust-Nusa Tenggara 10°11′00″S 123°35′00″E / 10.183333333333°S 123.58333333333°E | |||
Provinsen Aust-Nusa Tenggara markert med raud farge.
| |||
Wikimedia Commons: East Nusa Tenggara |
Aust-Nusa Tenggara (indonesisk Nusa Tenggara Timur) er ein provins i øystaten Indonesia, i den austlegaste delen av dei små Sundaøyane, medrekna Vest-Timor. Provinsen har eit flatemål på 48 718 km² og eit folketal på om lag 5,1 millionar. Provinshovudstaden Kupang ligg i Vest-Timor. Aust-Nusa Tenggara er den einaste provinsen i Indonesia der romersk-katolisismen er den dominerande religionen.
Provinsen består av ikring 566 øyar, men er dominert av dei tre hovudøyane; Flores, Sumba og Vest-Timor, den vestlege halvparten av øya Timor. Andre større og mindre øyar er Adonara, Alor, Komodo, Lembata, Menipo, Raijua, Rincah, Roti (den sørlegaste øya i heile Indonesia), Savu, Semau og Solor. Høgste fjellet i provinsen er det 2 427 moh høge Mutis i Timor Tengah Selatan-distriktet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ The Meto People on Mutis Mountain, Travel Destination Indonesia, arkivert frå originalen 7. juli 2011, henta 3. juli 2010
- Denne artikkelen bygger på «East Nusa Tenggara» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2012.