Asfaltleggjar
Utsjånad
Ein asfaltleggjar er ei maskin som vert nytta for å legga eit jamnt lag med asfalt på vegbanen. Før asfalten vert lagt vert vegbanen jamna med veghøvel. Asfaltleggjarar er ofte beltegåande. Varm asfalt vert tippa opp i ein behaldar frå ein lastebil. Maskinane vert produserte i ulike storleikar, med arbeidsbreidd frå under ein meter til 16 meter [treng kjelde].