Araknoidal granulasjon
Utsjånad
Araknoidale granulasjonar (av latin granulationes arachnoideae) er små framspring i spindelvevshinna, den tynne hinna rundt hjernen. Framspringa gjennomborar senehinna, det tjukke ytterlaget.[1] Dei stikk inn i sinus durae matris, og verkar ved å tappe cerebrospinalvæske frå subaraknoidalrommet til kretsløpssystemet.
Dei største granulasjonane ligg ved sinus sagittalis superior, eit stort rom fylt med vener som strekker seg frå baksida til framsida av skallen. Granulasjonane finst òg langs andre sinusar i hovudet. Mindre granulasjonar blir kalla araknoidale granulasjonar («tottar» eller villi). Store og forbeina granulasjonar blir kalla pacchioniske granulasjonar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arachnoid granulation» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2015.
- ↑ «arachnoid granulations». TheFreeDictionary: Medical Dictionary. Henta 2. mars 2015.