Alvhild
Utsjånad
- Sjå òg Alf og Alfhild i norrøn mytologi
Alfhild og Alvhild er kvinnenamn av norrønt opphav. Den 3. september har Alvhild norsk namnedag medan Alfhild har svensk. Alvilde og Vilde er avleidde namn.
Dei norrøne namna Alfhildr, Álfhildr og Alhildr er sett saman av alfr, 'alv', og hildr, 'slag, kamp'. I norrøn mytologi opptrer Alfhild som ei kongsdotter helten Alf kan gifta seg med etter å ha overvunne vaktande drakar og Alfhild sjølv.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Alfhild var mykje brukt i Noreg først på 1900-talet.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Alfhild Agrell (1849–1923), svensk forfattar
- Alvhild Hedstein (f. 1966), norsk politikar og direktør i Stiftelsen Miljømerking
- Alvhild Dvergsdal, norsk professor i nordisk språk
- Alfhild Dihle, norsk sjukepleiar med doktorgrad
- Alfhild Nakken, norsk arkivar og forfattar
- Alfhild Skaardal, kultursjef i Skien
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alvhild» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2009.