Aker Solutions
Aker Solutions | |||
| |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap (OSE: AKSO) | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 913748174 | ||
Skipa | 2004 | ||
Eigar | Aker Holding (40,27 %) | ||
Dotterselskap | Aker Business Services
Aker Egersund | ||
Hovudkontor | Stavanger/ Fornebu | ||
Land | Noreg | ||
Styreleiar | Øyvind Eriksen | ||
Tilsette | 23 000 | ||
Salsinntekter | 1 857 000 000 norsk krone (2022)[1] | ||
Omsetnad | 1 857 000 000 norsk krone (2022)[1] | ||
Resultat | 1,51 mrd NOK | ||
Nettstad | https://www.akersolutions.com (engelsk) |
Aker Solutions (tidl. Aker Kværner) er eit norsk, multinasjonalt industri-konsern som vart til etter ei samanslåing av Aker Maritime og Kværner. Hovudaksjonær er Kjell Inge Røkke gjennom selskapet Aker ASA, som han kontrollerer. Selskapet har om lag 24 000 tilsette i 30 land og omsetnaden i 2004 var på 35,6 milliardar kroner. Fram til 3. april 2008 heitte konsernet Aker Kværner.
Forretningsområda i selskapet er innanfor petroleumsverksemd, raffinering og kjemikaliar, gruvedrift og metall, papirmasse og papir, kraftforsyning. I tillegg driv selskapet innan farmasi og bioteknologi.
I Noreg har Aker Solutions verksemd på desse stadene: Stord, Verdal, Ågotnes, Arendal, Kristiansund, Mongstad, Oslo (inkl. Lysaker), Stavanger (inkl. Hinna), Bergen (inkl. Sandsli), Stjørdal, Trondheim, Høyanger, Mosjøen, Odda, Kristiansand, Egersund, Lier og Moss.
I 2005 stilte Amnesty International spørsmål om Aker Solutions sitt engasjement i den omstridde amerikanske fangeleiren på Guantanamo. Ei rekkje andre aktørar, mellom andre OECD har òg kritisert Aker Solutions for innblandinga i denne basen.
Aker Solutions sin marknadsverdi på Oslo Børs var per 21. juli 2009 på 14,1 mrd NOK (ned frå toppen før finanskrisa hausten 2008 på om lag 33,5 mrd NOK).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 https://www.akersolutions.com/globalassets/huginreport/2022/annual-report-2022.pdf; vitjingsdato: 25. oktober 2022.