Adama Tamboura
Utsjånad
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 18. mai 1985 | ||
Fødestad | Bamako | ||
Høgd | 170 cm | ||
Posisjon | Venstreback | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Metz | ||
Nummer | 24 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001-06 2006-09 2010- |
Djoliba Helsingborg Metz |
- 65 (0) 5 (0) | |
Landslag | |||
2004- | Mali | 35 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2010 |
Adama Tamboura (fødd 18. mai 1985) er ein malisk fotballspelar. Han har spela i forsvar for Metz i den nesthøgste divisjonen i den franske fotballigaen og for landslaget til Mali.
Tamboura begynte fotballkarrieren sin i klubben Djoliba i Mali. 22. august 2006 vart han lånt ut for tre månader til Helsingborg i Sverige. Då låneperioden gjekk ut, skreiv han under på ein treårskontrakt hjå Helsingborg. Etter at denne kontrakten gjekk ut, gjekk han til Metz i fransk Ligue 2, 28. januar 2010.
Tamboura var med på Mali sitt lag i sommar-OL i 2004, då laget kom til kvartfinalen. Han var i troppen til Mali i Afrikameisterskapen i 2008 og 2010. Han spelte alle Mali sine tre kampar i 2010.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå Engelsk Wikipedia 10. mai 2010.