Angístri
Angístri Lokalt namn Αγκίστρι | |
---|---|
Stranda ved hamna i Skála | |
Geografi | |
Stad | Saroniabukta i Egearhavet |
Koordinatar | 37°42′N 23°21′E / 37.700°N 23.350°E |
Øygruppe | Dei saroniske øyane
|
Areal | 13,37 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Øyane |
Største busetnad | Megalokhóri (627 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 1 131 (2021[1]) |
Folketettleik | 84,6 /km² |
Angístri (gresk Αγκίστρι), òg kalla Agistri, Ankistri og Agkistri, er ei lita øy i Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas. Ho er dekt av furuskog og er berre eit par kilometer på tvers. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2]
Busetnadar
[endre | endre wikiteksten]Det er fire busetnadar på Angístri - Megalokhóri (eller Mýlos), Skála, Metókhi og Limenária. Megalokhóri er den største landsbyen der dei fleste innbyggjarane bur. Metókhi og Skála ligg tjue minuttar unna til fots, og det er her dei fleste turisthotella er. Limenária er ein svært liten landsby på den andre sida av øya med lite turisme. Der er desutan ein ny bustenad på den vesle øya Ápónisos.
Plassering
[endre | endre wikiteksten]Angístri ligg nær den større saroniske øya Éjina. Herfrå kan ein nå øya med båt på berre ti minutt. Øya ligg ein times båttur frå Pireus.
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Megalokhóri | 566 | 627 |
Skála | 448 | 326 |
Metókhi | 0 | 71 |
Limenária | 128 | 60 |
Apónisos | 0 | 47 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert