Anders Folkestad
Anders Folkestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. mars 1949 (75 år) Volda kommune |
Yrke | lærar, fagforeiningsleiar |
Anders Folkestad på Commons |
Anders Folkestad (fødd 16. mars 1949) er ein norsk fagforeiningsmann frå Møre og Romsdal. Han har vore fagforeiningsleiar i ei rekkje år, og var første leiaren av hovudorganisasjonen Unio frå opprettinga i 2001.
Folkestad budde dei første seks åra av livet på Folkestad i Volda. Familien flytta deretter fleire gonger i Møre og Romsdal. Far til Folkestad var lærar, noko også bestefaren var.
Anders Folkestad gjekk på gymnas i Volda og studerte i Bergen og Oslo. Han er utdanna lektor og har studert ved Idrettshøyskolen i Oslo. Første stillinga hans var ved det første idrettsgymnaset i Noreg, i Odda. Han gjekk då inn i Norsk Lektorlag, seinare Norsk Undervisningsforbund.
I 1989 blei Folkestad nestleiar i Utdanningsforbundet, og har sidan hatt ei rekkje leiarstillingar i fagforeiningar. Han var med på å skipa Unio i 2001 og sat i det første styret, og har vore leiar sidan. I 2011 blei han gjenvald som leiar i to år. Han gjekk av som leiar i 2014.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Intervju med Anders Folkestad Arkivert 2008-04-05 ved Wayback Machine. ved norgesdokumentasjon.no
- Om Vestlandet, medlemmene og gleder i livet i Ergoterapeuten 01.10
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Intervju med Anders Folkestad Arkivert 2008-04-05 ved Wayback Machine. hjå Norgesdokumentasjon (17.10.2001).