Aminata Sow Fall
Aminata Sow Fall | |
Statsborgarskap | Senegal |
Fødd | 27. april 1941 (83 år) Saint-Louis |
Yrke | skribent |
Aminata Sow Fall på Commons |
Aminata Sow Fall (fødd i 1941) er ein prisløna senegalesisk forfattar. Ho er rekna som ein av pionerane innan franskspråkleg afrikansk litteratur.[1]
Aminata Sow Fall blei fødd i Saint-Louis, der ho fekk den grunnleggjande utdanninga si. Ho avslutta den vidaregåande skulegangen sin i Dakar.[2]
Ho tok eksamen i fransk litteratur ved Sorbonne i Paris i 1967. Sidan underviste ho i fransk i skular i Dakar og Rufisque. I 1979 blei ho tilsett ved kulturdepartementet.
Sow Fall debuterte med romanen Le revenant i 1976. Boka skilde seg ut ved å vera den første franskspråklege romanen av ei svart kvinne som ikkje var klart sjølvbiografisk.[3] For den andre romanen sin La grève des bàttu fekk ho Grand Prix Littéraire d'Afrique Noire i 1980. Romanen er ein satire over muslimsk dogmatisme, hykleri og kvinnefiendlegheit.
Familie
[endre | endre wikiteksten]Aminata Sow Fall møtte den framtidige mannen sin, Samba Sow, i Paris.[1] Ho gifta seg med han i 1963.[2] Ho har sju barn.[1] Ein av dei er rapparen Abass Abass.[4]
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Le Revenant, roman, 1976[5]
- La Grève des bàttu, 1979, vannn Grand prix littéraire d'Afrique noire i 1980; filmatisert av Cheick Oumar Sissoko i 2000[6][1].
- L’Appel des arènes, roman, 1997: Prix international pour les lettres africaines; filmatisert av Cheikh N'Diaye i 2006[7]
- Ex-Père de la Nation, roman, 1987[8]
- Le Jujubier du patriarche, roman, 1993[9]
- Douceurs du bercail, roman, 1998[10]
- Un grain de vie et d’espérance, réflexion sur l'art de manger et la nourriture au Sénégal suivie de recettes proposées par Margo Harley, 2002[11]
- Sur le flanc gauche du Belem, in L'Odyssée atlantique (collectif), novelle, 2002
- Festins de la détresse, roman, 2005[12]
- L'empire du mensonge, roman, 2017
Aminata Sow Fall har også skrive fleire dikt og teaterstykke.[1]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1980 - Grand prix littéraire d'Afrique noire for La Grève des bàttu.
- 1982 - Prix International Alioune Diop for L'Appel des arènes.
- 1997 - æresdoktorat frå Mount Holyoke College i South Hadley i Massachusetts.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Mwamba Cabakulu et Boubakar Camara, «L'auteur et son œuvre», i Comprendre et faire comprendre 'La grève des bàttu' d'Aminata Sow Fall, L'Harmattan, Paris, 2002, s. 11-20 ISBN 9782747525107
- ↑ 2,0 2,1 «Aminata Sow Fall», L' Harmattan
- ↑ Peter Hawkins (1. juli 1988), «AN INTERVIEW WITH AMINATA SOW FALL», African Affairs, 87 (348): 419-430., doi:10.1093/oxfordjournals.afraf.a098055
- ↑ «Abass Abass : Rap consciencieux Arkivert 2019-04-21 ved Wayback Machine.», Dakar Info, 2 février 2010
- ↑ Fernando Lambert, «Aminata Sow Fall, romancière sénégalaise : l’écriture et sa fonction de critique sociale», Québec français, nr. 65, 1987, s. 21
- ↑ Médoune Guèye, Aminata Sow Fall, oralité et société dans l'œuvre romanesque, L'Harmattan, Paris, 2005, s. 12 9782747585576
- ↑ Madeleine Borgomano, Lectures de 'L'Appel des arènes' d'Aminata Sow Fall, Nouvelles Editions africaines, Abidjan, 1984, 80 p. ISBN 2-7236-0700-3
- ↑ Gloria Nne Onyeoriri, «Epistemic and Deontic Modalities in Aminata Sow Fall's L'Ex-Pere de la Nation», in Contributions in Black Studies, vol. 9, article 11, 1992
- ↑ Le Jujubier du patriarche, Africultures
- ↑ «Les Sénégalaises au regard critique», Africultures
- ↑ Lire les femmes écrivains et les littératures africaines, Aflits.arts.uwa.edu.au
- ↑ Entretien d'Edwige H. avec Aminata Sow Fall, Africultures
- Norström Ridæus, Barbro: 100 vägar till Afrika: en introduktion till modern afrikansk skönlitteratur, Nordiska Afrikainstitutet, Uppsala 1995. ISBN 91-7106-368-4. Libris 10163003.
- Denne artikkelen bygger på «Aminata Sow Fall» frå Wikipedia på fransk, og «Aminata Sow Fall» frå Wikipedia på svensk den 12. juli 2017.