11. april
Utsjånad
11. april er den 101. dagen i den gregorianske kalenderen (102. under skotår). Det er 264 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 11. april i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Ylva og Ulf |
Sverige | Ulf og Ylva |
Danmark | Leo |
Helgendag i den katolske kyrkja:
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 672: Adeodatus II blei vald til pave etter Vitalianus.
- 896: Bonifatius VI blei vald til pave etter Formosus, men døydde to veker seinare.
- 1471: Henrik VI av England blei avsett av tronrivalen Edvard IV. Ein månad seinare blei Henrik drepen i Tower i London, truleg etter ordre frå Edvard.
- 1713: Frankrike og Spanien slutta fred i Utrecht og enda Den spanske tronfølgjekrigen.
- 1814: Napoleonskrigane. Napoleon gjekk av som keisar og drog i eksil til Elba.
- 1899: Spania gav frå seg Puerto Rico til USA.
- 1945: Andre verdskrigen: Amerikanske styrkar frigjorde konsentrasjonsleiren Buchenwald.
- 1951: Koreakrigen. General Douglas MacArthur fekk avskjed som leiar for SN-styrkane av president Harry S. Truman, og blei erstatta av general Matthew Ridgway.
- 1968: Den tyske studentleiaren Rudi Dutschke blei skoten ned av ein nynazist i Berlin. Han overlevde attentatet.
- 1970: Apollo-programmet. Oppskytinga av Apollo 13.
- 1979: Den ugandiske motstandsrørsla UNLA inntok hovudstaden Kampala og tvinga diktatoren Idi Amin til å flykta til utlandet.
- 2006: Den europeiske romsonden Venus Express gjekk inn i bane rundt planeten Venus.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1940: Tyske fly bombar Elverum og Nybergsund, 41 menneske omkom i Elverum.
- 1947: M/S Belpamela av Oslo forliser i Nord-Atlanteren der ni mann bleiv.
- 1988: Odelstinget vedtek med 53 røyster mot 34 Lov om røyekforbod på offentlege stader. Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti utgjorde fleirtalet.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 11. april.
- 145: Keisar Septimius Severus av Romarriket
- 1357: Kong Johan I av Portugal
- 1492: Margrete av Navarra, dronning av Navarra
- 1808: Anton Martin Schweigaard, norsk jurist og politikar
- 1866: Nikolaus Gjelsvik, norsk jurist og målmann
- 1869: Gustav Vigeland, norsk kunstnar
- 1904: Kundan Lal Saigal, indisk songar og skodespelar
- 1953: Guy Verhofstadt, belgisk statsminister
- 1958: Luísa Diogo, mosambikisk statsminister
- 1966: Lisa Stansfield, engelsk songar og låtskrivar
- 1979: María Elena Swett, chilensk skodespelar
- 1987: Joss Stone, engelsk songar
- 1991: Erina Mano, japansk songar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 11. april.
- 1034: Keisar Romanos III Argyros as Austromarriket
- 1165: Kong Stefan IV av Ungarn
- 1240: Llywelyn den store, prins av det walisiske kongedømet Gwynedd
- 1612: Emanuel van Meteren, flamsk historikar
- 1882: Jacob Wilhelm Nordan, norsk arkitekt
- 1926: Luther Burbank, amerikansk botanikar
- 1962: Ukichiro Nakaya, japansk fysikar
- 1983: Dolores del Río, meksikansk skodespelar
- 1985: Enver Hoxha, albansk statsleiar
- 1987: Primo Levi, italiensk forfattar
- 2007: Kurt Vonnegut, amerikansk forfattar
- 2011: Angela Scoular, britisk skodespelar