IJmuiden
IJmuiden | |||
by | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Folketal | 48 320 (2009) | ||
IJmuiden 52°27′31″N 4°37′10″E / 52.4586°N 4.6194°E | |||
IJmuiden i Velsen kommune
| |||
Wikimedia Commons: IJmuiden |
IJmuiden (nederlandsk uttale ˌɛi̯ˈmœy̯də(n)) er ein by i provinsen Noord-Holland i Nederland, og er administrasjonsstad for kommunen Velsen. Byen har 30 466 innbyggarar (2005). Han ligg rundt 10 km nord-nordvest for Haarlem, og rundt 20 kilometer frå Amsterdam. IJmuiden ved munningen til Noordzeekanalen, som renn ut i Nordsjøen her gjennom store slusar. Det meste av folkesetnaden bur sør for kanalen, på nordsida ligg eit stålverk og busetnaden Velsen-Noord. Namnet «IJmuiden» tyder bokstaveleg ‘munningen av IJ’, og blei teke i bruk på 1800-talet då denne delen av Noordzeekanalen blei fullført.
IJmuiden har fleire hamner, mellom anna ei fraktehamn, ei fiskehamn og ei fritidsbåthamn. Djupvasshamna har plass til fullasta Panamax-skip. I byen finst òg eit stålverk.
DFDS Seaways har ei rute mellom Amsterdam og Newcastle (Port of Tyne) via IJmuiden.
The North Sea Race, ei årleg yacht-tevling på 210 nautiske mil (390 km), byrjar Scarborough i England og endar i IJmuiden.
Kjente personar frå byen
[endre | endre wikiteksten]Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Den vide munningen til Noordzeekanalen.
-
Fiskebåtar ved kai i IJmuiden.
-
Fritidsbåthamna i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «IJmuiden» frå Wikipedia på bokmål og «IJmuiden» frå Wikipedia på engelsk den 24. juli 2023.