Hopp til innhald

Trøndersk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei fire hovudgruppene av norske dialektar: ██ Nordnorsk██ Trøndersk ██ Vestnorsk ██ Austnorsk

Trøndersk eller trøndsk er ei gruppe av norske dialektar som blir tala i Trøndelag, på Nordmøre og i det meste av Bindal i Nordland. I to av dei gamle norske provinsane i SverigeJämtland og Härjedalen — blir det tala nærskylde dialektar.

Trøndersk har ein del felles med dialektane på Austlandet, som til dømes jamning, lågtone-setningsmelodi, og retroflekse konsonantar, og andre trekk felles med nordnorsk som palatalisering og apokope.

Typiske trekk i trønderske dialektar

[endre | endre wikiteksten]

Jamvekstmål

[endre | endre wikiteksten]

Trøndersk har jamvektsystemet, som dei austnorske måla. Dialektane i Trøndelag skil seg likevel frå dei austnorske ved at dei norrøne langstavingsorda har apokope og ikkje e-ending. Typeeksempel frå trøndersk er såleis å vårra, å kåmmå, men å bit, å kast. Jamvektsorda i trøndersk forlenger regelfast konsonanten mellom rot- og endestaving: å våttå, å båkkå.

Tjukk l og palatalisering

[endre | endre wikiteksten]

Det trønderske målområdet har tjukk l: ei soL og eit boL (bord). Eit stort ytre område sør for Trondheimsfjorden har likevel tjukk l berre i typen soL. Her heiter det soL, men bor.

Trøndelag har palatalisering (j-uttale) av dentalane. Ein hermer etter trønderen som seier "mannj med hannjhonnj i bannj". I heile Trøndelag heiter det mannj, kvellj, (kveld) og reddj (redd). I Sør-Trøndelag har ein desse nemnde formene og i tillegg palatalisering i bunden form fleirtal honnjannj (hundane) og spannjannj (bunden form fleirtal av eit spann), gutannj (gutane) og anna.

Dativ har heilt til det siste vore i bruk i trøndermåla, med unntak av Fosen-måla og dei ytre Namdals-måla. Trondheims- og Kristiansunds-målet har også mangla dativ. Eksempel frå indre delar av fylket: «eg møtte manna», «hu e lik morån sin» (ho er lik mora si), «han ga hæstom høy». Tradisjonelt har trøndersk dativbøying i substantiv, pronomen, adjektiv og nokre stadnamn. Dativen er eit særdrag som i dag blir borte hos unge folk.

Inndeling av dei trønderske dialektane

[endre | endre wikiteksten]

Trønderdialektane kan delast i to grupper, inntrøndersk og uttrøndersk. Bakgrunnen for denne inndelinga byggjer særleg på ulik gjennomføring av jamninga i jamvektsorda.

  • Inntrøndersk, eller austtrøndersk, som omfattar dei indre bygdene i Sør-Trøndelag og distriktet rundt den indre delen av Trondheimsfjorden bortsett frå Trondheim bymål.
  • Uttrøndersk, eller vesttrøndersk, som omfattar Nordmøre, dei ytre bygdene i Sør-Trøndelag, inkludert Trondheim by, og dei ytre bygdene i Nord-Trøndelag.

Inntrøndersk

[endre | endre wikiteksten]

Typiske inntrønderske jamningsformer i jamvektsorda er vårrå, våttå, ei vukku eller vokko (= veke), ein nåvvå (neve), ein ståggå (stige). I Indre Namdalen heter det varra, vatta, ei vokko, ein navva, (neve), ein stagga og så vidare. Ei setning frå inntrøndersk vil ifølgje Dalen 1997 kunna lyda slik: «han tok båttan i nåvvån å skråvva oppi ståggån» (han tok beten i neven og skreva oppi stigen). Dette blir kalla utjamning.

I dalane i Sør-Trøndelag har diftongane blitt forenkla, altså monoftongerte. I det sørlege inntrøndske området heiter det: ben, røk, stör (i staden for bein, røyk, staur). Denne diftongforenklinga er gammal i dialektane her. I nyare tid har det også kome til monoftongering på Innherad (inst i Trondheimsfjorden), og på Nordmøre.

Substantivbøyinga i inntrønderske dialektar går om lag slik (hankjønn og hokjønn):

  • En hæst – hæst’- mang hæsta – allj hæstanj
  • Ei dør – døra – mang døra – allj døranj
  • Ei gryt – gryta - mang gryta – allj grytanj

I Inntrøndelag finn ein pronomenformer som i, je, e (eg) og me og åss (me og oss).

Uttrøndersk

[endre | endre wikiteksten]

Typiske uttrønderske jamningsformer i jamvektsorda er værra, vætta, ei vækka (eller ei vækko), ein nævva, ein stægga og så vidare. Den nemnde setninga frå inntrøndersk (jf. ovanfor) vil i dei ytre måla lyda slik: «han tok bættan i nævvan å skrævva oppi stæggan». Dette blir kalla tiljamning.

Også i dei ytre måla finn ein monoftongering. Denne diftongforenklinga er historisk sett langt yngre den inntrøndske. På Nordmøre heiter det i dag ben, sten, res (ei reise), med ein e-lyd som ligg mellom e og æ. Vidare heiter det i dette området bLöt, stör (staur) og lös (med ein open ø-lyd). Tilsvarande nyare utvikling finn ein også på Innherad, inst i Trondheimsfjorden.

Substantivbøyinga i uttrøndersk er stort sett den same som i inntrøndersk, men på Nordmøre og i Hemne har dei svake hokjønnsorda ei anna bøying:

  • Ei gryt – gryto/grytå – mang gryto/grytå – allj gryton/all grytån (Ytre Namdalen har -r i fleirtal: mang grytor/grytår)

I dei ytre måla finn ein til vanleg pronomenformer som æ (eg) og vi.

Variasjonar

[endre | endre wikiteksten]

Det finst til dels store skilnader mellom dei trønderske dialektane. Ein snakkar meir tradisjonell trøndersk i bygdene enn i byane, og dei største skilnadene finn ein mellom enkelte dialektar i Nord-Trøndelag og den sterkt bokmålspåverka "fintrøndersken" i Trondheim. Dette viser seg t.d. i korleis ein bøyer verbet "vera". "Innherad" i dette tilfellet: Innherad og Stjørdal med omkringliggjande område.

Vera Infinitiv Presens Preteritum Perfektum Pluskvamperf.
Nynorsk vera eg er eg var eg har vore eg hadde vore
Innherad vårrå æ e æ va æ har/hi virri/vorri/verri æ ha(dd) virri/vorri/verri
Nordmøre var(r)a e/æ e e/æ va e/æ ha vor(r)e e/æ ha vor(r)e
Trondheim vær(ra) æ e æ va æ har vært æ hadd(a) vært
Bokmål være jeg er jeg var jeg har vært jeg hadde vært

Det er òg mogleg å sjå klare skilnader i bruken av nyord henta frå bokmål.

bokmål Ny-trøndersk uttale Tradisjonell dialekt nynorsk
jente jeñtje veitj[1] jente/veikje[2]
sulten suiltj'n sopiñ svolten/sopen
smør smørr smör/smær smør
dør dør dör/dær dør

Adjektiv blir bøygd nesten som på nynorsk, men med apokope i komparativ: Svart, svartar, svartast.

I nokre døme har trøndersk anna idiom eller uttale:

nynorsk trøndersk
bra, betre, best bra, ber/likar, bæst/likast
stor, større, størst stor, støør, støsst

Substantiv

[endre | endre wikiteksten]

Substantivbøyinga varierer ein god del mellom dei ulike trøndermåla. Både i uttale og antall bøyingsformer. Nedanføre kjem nokre tabellar for å vise skilnadane mellom dei ulike måla i Trøndelag, med måla frå Sunndal og Tingvoll på Nordmøre og Vemdalsmålet i Herjedalen.

Sterke hokjønnsord

[endre | endre wikiteksten]

Den sterke hokjønnsbøyinga er ganske lik i det meste av området. Den bestemte forma er oftast -a, men Selbumålet har ein nasal [3] der, frå gamalnorsk -an. Dativ eintal er -(e)n frå gamalnorsk -inni. Fleirtal er oftast -i eller -e, men dei fell i lag med hannkjønn og får -a i Røros og nokre yngre mål. Den nasale konsonanten i bestemt fleirtal kan vera palatalisert eller ikkje. Dativ fleirtal er likt i alle kjønn, og innan trøndermåla er M-endinga oftast teken vare på utanom Nordmøre, Hemne og Snillfjord der M datt bort.[4]

Dialekt: Nynorsk Sunndal[5] Tingvoll[6] Froan[7] Vikna Harran[8] Snåsa[9] Sparbu[10] Strinda[11] Trondheim[12] Orkdal[13] Oppdal[14] Selbu[3] Budal[15] Ålen[16] Røros[17] Vemdalen[18]
Eintal
Ubsetemt skål skål skål skål skål skål skål skål skål skål skål skål skål skål skål skål
Bestemt skåla(-i) skåla skåla skåla skåla skåla skåla skåla skåla skåla skåla skålã skåla skåla skåla skåla
Dativ x skåln skåln x skåln skåln skåln skåln x skåln skåln skåln skåln skåln skålen skåln
Fleirtal
Ubestemt skåler skåle skåle skåle skåli skåli skåli skåli skåle skåle skåle skåli skåli skåli skåla skålä
Bestemt skålene skåliɲ skåliɲɲ skålen skåliɲɲ skålinn skålin skåliɲɲ skålen skålenn skåliɲ skåliɲ skåliɲ skåliɲɲ skålan skålän
Dativ x skålo skålå x skålåm skålom skålåm skålåm x skålom skålåm skålåm skålɞm skålɞm skålom skålɞm

Linne hokjønnsord

[endre | endre wikiteksten]

Linne hokjønnsord som ikkje fylgjer jamvektsloven har mange forskjellige former rundt om. Hovudforma kan vera apkokopert som ei vis' eller halde på endingsvokalen som dei gjer sør-aust i målområdet. Den bestemte forma er oftast -a, men på Nordmøre og Ytter-Namdalen finn ein former med , og Selbumålet har ein nasal [3] der, frå gamalnorsk -an.

Fleirtalsforma kjem frå gamalnorsk -ur, og der er forma -år frå delar av Ytter-Namdalen mest konservativ. Dei fleste av trøndermåla varierar mellom -o/å og -a. Bestemt fleirtal er oftast same vokal som ubestemt, men nokre mål som i Selbu varierar det med viså mot visɛɲ. N-lyden kan vera anten palatal eller dental etter dialekt.

Dativ eintal hadde endinga -unni på gamalnorsk. Den forma er redusert til -åɲ/ån/oɲ/on/ɞɲ/ɞn eller vidare til -eɲ/en/'n, om ikkje målet manglar dativ i det heile. Dativ fleirtal er likt i alle kjønn, og innan trøndermåla er M-endinga oftast teken vare på utanom Nordmøre, Hemne og Snillfjord der M datt bort.[4]

Dialekt: Nynorsk Sunndal[5] Tingvoll[6] Froan[7] Vikna[4][6] Harran[8] Snåsa[9] Sparbu[10] Strinda[11] Trondheim[12] Orkdal[13] Oppdal[14] Selbu[3] Budal[15] Ålen[16] Røros[17] Vemdalen[18]
Eintal
Ubsetemt vise(-a) vis vis vis vis vis vis vis vis vis vis vis vise vise vise vise vise
Bestemt visa visa viså visa viså visa visa visa visa visa visa visa visã visa visa visa visa
Dativ x visåɲ visåɲɲ x x visån visn visån visån x visen visåɲ visɛɲ visɞɲ visn visn visn
Fleirtal
Ubestemt viser(-or) viso viså visa visår viså visa viså viså visa viso viså viså visɞ viså visa visä
Bestemt visene(-one) visåɲ visåɲɲ visan visånn visån visan visån visåɲɲ visan visoɲɲ visåɲ visɛɲ visɞɲ visåɲɲ visan visän
Dativ x visom viså x x visåm visom visåm visåm x visom visåm visåm visɞm visɞm visom visɞm

Samanlikning med islandsk, færøysk, norrønt og gammalsvensk

[endre | endre wikiteksten]

Det blir sagt at ein finn dei «breiaste» formene av trøndersk i regionen Innherad; og då fyrst og fremst på Verdal og på Skogn. Der ber det daglegdagse målet preg av både svensk, norrønt og islandsk. Dette kan ha samanheng med at det hovudsakleg var menneske frå Trøndelag og Vestlandet som busette Island. Samstundes er det lettare å halde på dialekt på bygdene enn i byane.

Fara Infinitiv Presens Preteritum Perfektum Pluskvamp.
Innherad fårrå æ fer æ fór æ har/hi firri æ ha(dd) firri
Islandsk fara ég fer ég fór ég hef farið ég hafði farið
Færøysk fara eg fer eg fór (eg eri farin) eg hevði farið
Norrønt fara ek fer ek fór ek hefi farit ek hafða farit
Gammalsvensk fara iak far iak fór iak havir farit iak hafþi farit
Eta Infinitiv Presens Preteritum Perfektum Pluskvamperf.
Innherad eta æ ét æ åt æ har/hi itti æ ha(dd) itti/etti
Islandsk eta ég ét ég át ég hef étið ég hafði étið
Færøysk eta eg eti eg át eg havi etið eg hevið etið
Norrønt eta ek et ek át ek hefi etit ek hafða etit
Gammalsvensk æta iak æter iak át iak havir ætit iak hafþi ætit
Infinitiv Presens Preteritum Perfektum Pluskvamperf.
Innherad æ får/fe æ fekk æ har/hi fått æ ha(dd) fått
Islandsk ég fæ ég fékk ég hef fengið ég hafði fengið
Færøysk fáa eg fái eg fekk eg havi fingið eg hevði fingið
Norrønt ek fæ ek fekk ek hefi fengit ek hafða fengit
Gammalsvensk iak fár iak fikk iak havir fát iak hafþi fát
  • Legg merkje til forma æ hi, som er frå norrønt hef. Dette ordet blir også nytta i Namdalen. Same forma finst i tradisjonell nynorsk, då som hev, og i jamsk, då som , he eller hi.
  • I norrønt hadde och nasal vokal.
  1. [1] Tilsvarande ord finst også i moderne frisisk.
  2. [2] Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine. Av "våk", norrønt vákr 'svekling, vesling'.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Endresen, Øyalf (1980). Verbalbøyinga i Selbumålet. s. 132. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Dalen, Arnold (2008). Trøndersk språkhistorie. 
  5. 5,0 5,1 Jenstad, Tor Erik (1985). Sunndalsmålet : eit grensemål på indre Nordmøre. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Ross, Hans (1908). Norske bygdemaal. VII-XI : Foldamaal ; Oustfjellmaal ; Trøndemaal ; Fosnmaal ; Nordlandsmaal. 
  7. 7,0 7,1 Bye, Dagfinn Olav (1979). Froværingsmålet : ordtilfang fra fiskebåter og fiskebruk, med tillegg om utbreiing av ordtilfanget i ulike aldersgrupper og geografisk utbreiing i landsmålestokk. 
  8. 8,0 8,1 Olav Urstad (1958). Namdals-målet : ord og ordbøyningar i målføret i Øvre-Namdalen. 
  9. 9,0 9,1 Nikolai Kristian Kjenstad (1993). Snåsamålet : mål og minne frå mellomkrigsårom. s. 16. 
  10. 10,0 10,1 Braset, Karl (1903). Sparbu-maalet. s. 8. 
  11. 11,0 11,1 Tilset, Arne (1924). Målet i Strinda i Sør-Trøndelag. 
  12. 12,0 12,1 Dalen, Arnold (1978). Trondheimsmålet. 
  13. 13,0 13,1 Jon Asphjell (1990). Orkdalsmålet. 
  14. 14,0 14,1 Haugen, Einar (1982). Oppdalsmålet : innføring i et sørtrøndsk fjellbygdmål. 
  15. 15,0 15,1 Enmo, Ludviksen (1957). Ordliste til målet i Budal i Sør-Trøndelag. 
  16. 16,0 16,1 Jørgen Reitan (1906). Aalens maalføre : kort fremstilling av lydlæren med oversigt over ordenes bøining. 
  17. 17,0 17,1 Rørosboka : Røros bergstad, Røros landsogn, Brekken og Glåmos kommuner. 1 : Natur, folk og næringsliv. 1942. s. 364. 
  18. 18,0 18,1 Reitan, Jørgen (1930). Vemdalsmålet : med oplysninger om andre herjedalske mål. 

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Dalen, A. (red.), Dialektsamling frå Ytter-Namdalen, Tapir akademiske forlag, 2011.
  • Dalen, A., Hadland, J.R., Hårstad, S., Rydving, H og Stemshaug, O., Trøndersk språkhistorie: språkforhold i ein region, Tapir akademiske forlag, 2008.
  • Jenstad, T.E., Rappkjæfta trønder, Embla forlag, 2007.
  • Jenstad, T.E., Snedig å koínn trøndersk, Embla forlag, 2010.
  • Jenstad, T.E., Din hånstaur! - saftige trønderske skjellsord, Embla forlag, 2012.
  • Jenstad, T.E. og Dalen, A. (red.), Trønderordboka, Tapir akademiske forlag, 2002.