Tåsinge
Utsjånad
Tåsinge | |
---|---|
Valdemars slott Foto: Trond Strandsberg
| |
Geografi | |
Stad | Det sørfynske øyhav |
Koordinatar |
|
Areal | 70 km²
|
Administrasjon | |
Land | Danmark |
Kommune | Svendborg kommune
|
Demografi | |
Folketal | 6 165 |
Folketettleik | 87 /km² |
Tåsinge er ei dansk øy i Det sørfynske øyhav. Ho er forbunde med Svendborg i nord via Svendborgsundbrua og i sør til Siø via ei demning like ved Rudkøbing på Langeland. Dei største byane på Tåsinge er Vindeby og Troense.
På Tåsinge ligg Valdemars slott. Slottet vart oppført frå 1639 til 1644 av Kristian IV som bustad til sonen hans, Valdemar Christian. På Landet Kirkegård ligg kjærasteparet Elvira Madigan og Sixten Sparre gravlagd. Dei vart funne skotne på Tåsinge i 1889, etter å ha rømd saman frå Sverige.
Frå tårnet på Bregninge kyrkje, som ligg om lag 100 meter over havet, har ein god utsikt til Sørfyn, Als, Sjælland og Det sørfynske øyhavet.