Hopp til innhald

Graviton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Graviton
Gruppe: Gauge-boson
Fundamentalkraft: Gravitasjon
Status: teoretisk
Symbol: G[1]
Teoretisert: 1930-åra[2]
Namnet vart gjeve av Dmitrij Blokhintsjov and F. M. Galperin i 1934[3]
Oppdaga: hypotetisk
Masse: 0
Elektrisk ladning: e
Spinn: 2

Graviton er i fysikk ein hypotetisk elementærpartkkel som formidlar gravitasjon innanfor ramene til kvantefeltteori. Om han finst er gravitonet venta å vere masselaust (fordi gravitasjonskreftene verkar å ha uendeleg rekkevidd) og må vere eit spinn-2-boson. Spinnet kjem av at kjelda til gravitasjonen er stress-energi-tensoren, ein andregrads tensor. I tillegg kan det visast at alle masselause spinn-2-felt ville gjeve ein kraft som ikkje kan skiljast frå gravitasjonen.[4] Dette indikerer at om ein oppdagar ein masselaus partikkel med spinn 2, så må det vere gravitonet.[5]

  1. G vert nytta for å unngå forveksling med gluon (symbol g)
  2. Mal:Cite arxiv
  3. Blokhintsev, D. I.; Gal'perin, F. M. (1934). «Gipoteza neitrino i zakon sokhraneniya energii» [Neutrino hypothesis and conservation of energy]. Pod Znamenem Marxisma 6: 147–157.  (ru)
  4. Lightman, A. P.; Press, W. H.; Price, R. H.; Teukolsky, S. A. (1975). «Problem 12.16». Problem book in Relativity and Gravitation. Princeton University Press. ISBN 0-691-08162-X. 
  5. Misner, C. W.; Thorne, K. S.; Wheeler, J. A. (1973). Gravitation. W. H. Freeman. ISBN 0-7167-0344-0.