Hopp til innhald

Far North District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Far North District
distrikt
Land  New Zealand
Areal 7 318,14 km²
Folketal 67 200 (30. juni 2018)[1]
Kart
Far North District
35°13′30″S 173°30′18″E / 35.225°S 173.505°E / -35.225; 173.505
Wikimedia Commons: Far North District

Far North DistrictNew Zealand er — som namnet seier — det nordlegaste distriktet i landet, og det ligg på nordenden til Nordøya.

Distriktet ligg heilt nord i regionen Northland, og er det største av distrikta denne regionen er sett saman av. Det strekker seg frå nesa og vikene i nordenden av halvøya Aupouri Peninsula, forbi Ninety Mile Beach og i sør sentralt på halvøya North Auckland Peninsula, der han omfattar både Bay of Islands og Hokianga.

Nord i distriktet ligg byane Kaikohe og Kaitaia, lenger sør byar og omland ved Bay of Islands (Kerikeri, Paihia, Russell, Opua, Kawakawa og Moerewa), og ei rekkje mindre busetnader kring Hokianga Harbour (Omapere, Opononi, Rawene, Panguru, Kohukohu, og Horeke).

Populasjon

[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i distriktet 55 845 menneske, og 40 % av desse rekna seg som maoriar. I det siste tiåret har busetnaden — i motsetnad til nasjonale og internasjonale trender — vorte aukande rural. Den største byen, Kaitaia, har eit folketal på så vidt over 5200, i Kaikohe, administrasjonssenteret i distriktet, er folketalet 4100.

Lokalstyre

[endre | endre wikiteksten]

Far North District Council vart danna ved samanslåing av områda Mangonui, Hokianga, Whangaroa og Bay of Islands County Councils.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Far North District
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Subnational population estimates (TA, SA2), by age and sex, at 30 June 1996, 2001, 2006-18 (2018 boundaries)». Statistics New Zealand. 
  2. 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8277.