Cleopa Msuya
Cleopa Msuya | |||
| |||
Fødd | 4. november 1931 (93 år) Kilimanjaro | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tanzania | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Makerereuniversitetet | ||
Verv | Statsminister i Tanzania 7. november 1980–24. februar 1983 | ||
Føregangar | Edward Sokoine | ||
Etterfylgjar | Edward Sokoine | ||
Verv | Statsminister i Tanzania 7. desember 1994–28. november 1995 | ||
Føregangar | John Malecela | ||
Etterfylgjar | Frederick Sumaye | ||
Verv | Visepresident i Tanzania 7. desember 1994–28. november 1995 | ||
Føregangar | John Malecela | ||
Etterfylgjar | Omar Ali Juma | ||
Alle verv |
Cleopa David Msuya (fødd 4. november 1931) er ein tanzaniansk politikar som var visepresident i landet frå 1994 til 1995. Før det var han statsminister i Tanzania i to periodar, fyrste gong frå 1980 til 1983, andre gong frå 1994 til 1995.
Msuya studerte ved Makerere universitet i dagens Uganda frå 1952 til 1955, og jobba med sosial utvikling på landsbygda frå 1956 til 1964. Frå 1972 til 1975 var han finansminister i Tanzania, og vart industriminister i 1975. Etter å ha vore industriminister i fem år fekk han den fyrste statsministerperioden sin frå 1980 til 1983, under Julius Nyerere, den fyrste presidenten i Tanzania. Etter det vart han finansminister igjen fram til 1990, då han vart industri- og handelsminister.
I desember 1994 vart Msuya statsminister for andre gong, og var samstundes visepresident i Tanzania, til november 1995. Han pensjonerte seg i 2000.