Aleksander
Utsjånad
Aleksander eller Alexander er eit mannsnamn som stammar frå gresk aleksandros (Αλέξανδρος) av aleksis (αλέξις), 'verje, hjelpe' og andros (ανδρος) 'mann, menneske'.
Namnet er bruka over heile den vestlege verda i variantar som Alessandro på italiensk, Alejandro på spansk, Alexandre på fransk og Александр på russisk. I den muslimske verda er namnet blitt til Iskander. Kortformer av namnet er Alek, Alex og Sander.
I Noreg var det ved folketeljinga i 1801 vel 120 som vart innskrivne som Aleksander i ei eller anna staveform. I 1900 var det vel 700. I dag er det om lag 13800 som heiter Aleksander eller Alexander - eit lite fleirtal av dei skriv namnet sitt med X.
I Noreg har Aleksander namnedag 18. mars.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Pavar
[endre | endre wikiteksten]- Pave Aleksander I (105–115)
- Pave Aleksander II (1061–1072)
- Pave Aleksander III (1159–1181)
- Pave Alexander IV (1254–1261)
- Motpave Aleksander V (1409–1410)
- Pave Aleksander VI (1492–1503)
- Pave Alekander VII (1655–1667)
- Pave Aleksander VIII (1689–1691)
Andre patriarkar
[endre | endre wikiteksten]- Aleksander av Konstantinopel (314–337)
- Aleksander I av Alexandria (313–328)
- Aleksander II av Alexandria (702–729)
Keisarar
[endre | endre wikiteksten]- Aleksander Severus, romersk keisar (208–235)
- Aleksander III, austromersk keisar (870–913)
- Russland
- Aleksander I av Russland (1801–1825)
- Aleksander II av Russland (1855–1881)
- Aleksander III av Russland (1881–1894)
Kongar
[endre | endre wikiteksten]- Epirus
- Aleksander I av Epirus (ca. 342 f.Kr.)
- Aleksander II av Epirus (ca. 272 f.Kr.)
- Makedonia
- Aleksander I av Makedonia (498–454 f.Kr.)
- Aleksander II av Makedonia (370–368 f.Kr.)
- Aleksander III av Makedonia (Aleksander den store) (336–323 f.Kr.)
- Aleksander IV av Makedonia (323–310 f.Kr.)
- Aleksander Balas, konge over Selevkidene i Syria (150–146 f.Kr.)
- Skottland
- Aleksander I av Skottland (1078–1124)
- Aleksander II av Skottland (1198–1249)
- Aleksander III av Skottland (1241–1286)
- Aleksander av Serbia (1889–1903)
- Aleksander I av Jugoslavia (1921–1934)
- Aleksander av Hellas (1917–1920)
Andre kjende personar med namnet
[endre | endre wikiteksten]- Alexander Pope (1688–1744), engelsk diktar
- Aleksandr Pusjkin (1799–1837), russisk forfattar
- Alexandre Dumas (1802–1870), fransk forfattar
- Alexander Graham Bell (1847–1922), amerikanar som oppfann telefonen
- Alexander Kielland (1849–1906), norsk forfattar
- Alexandre Alekhine (1892–1946) russisk-fransk verdsmeister i sjakk
- Aleksandr Solzjenitsyn (1918–2008)), russisk forfattar, historikar og nobelprisvinnar
- Aleksandr Litvinenko (1962–2006), russisk spion
- Alexandr Hleb (f. 1981), kviterussisk fotballspelar
- Alexander Rybak (f. 1986), norsk songar og Eurovision-vinnar
- Aleksander Denstad With (f. 1987), norsk songar og Idol-vinnar
- Alejandro Fuentes (f. 1987), chilensk-norsk songar
Oppdikta personar
[endre | endre wikiteksten]- Ole Aleksander i bokserien av same namn av Anne-Cath Vestly
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Aleksander hjå Statistisk Sentralbyrå
- Olav Veka 1991: Namneboka (Det Norske Samlaget)
- Folketeljingar på Digitalarkivet