Ol Doinyo Lengai
Utsjånad
Ol Doinyo Lengai | |||
fjell | |||
Land | Tanzania | ||
---|---|---|---|
Region | Arusha | ||
Område | Riftdalen | ||
Høgd | 2 961 moh. | ||
Siste utbrot | 2010 | ||
Ol Doinyo Lengai 2°45′42″S 35°54′48″E / 2.7616666666667°S 35.913333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Ol Doinyo Lengai |
Ol Doinyo Lengai er ein vulkan sør for Natronsjøen i den austlege Riftdalen i Nord-Tanzania. Lavaen er unik fordi han dannar mineralet natrokarbonatitt gjennom kalksteinsvulkanisme.
Lavaen fra Ol Doinyo Lengai består av natruim- og kaliumkarbonata nyerereitt og gregoryitt. Denne lavasmelten gjev vulkanutbrot ved 500-600 grader Celsius. Lavaen er svart i sollys og er lettflytande. Han endrar farge frå svart til grått ved kontakt med luft.[1]
«Ol Doinyo Lengai» tyder 'Gudefjellet' på masai.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Askheim, Svein (20. februar 2018). «Ol Doinyo Lengai». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Northern Tanzania with Kilimanjaro and Zanzibar by Phillip Briggs 2006 page 194 ISBN 1-84162-146-3