Yngve
Utsjånad
Yngve er eit mannsnamn som kjem frå norrønt Yngvi, i norrøn gudelære eit anna namn for guden Frøy, føreleddet ei sideform til gudenamnet Ing.
Yngve har namnedag 11. februar.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet Yngve kom i bruk i Noreg rundt 1860, men vart ikkje vanleg før etter andre verdskrigen. Populariteten nådde ein topp rundt 1970.
- Ved folketeljinga i 1801 var namnet ikkje registrert brukt.
- Ved folketeljinga i 1900 var 37 registrerte med namnet, flest i Kristiania.
- I 2008 er det 2353 menn som har Yngve til første fornamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Yngve Hågensen (f. 1938), norsk fagforeningsleiar
- Yngve Sætre (f. 1962), norsk musikar og produsent
- Yngve Sundvor (f. 1968), norsk sceneinstruktør
Sjå òg:
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Yngve hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4