Hopp til innhald

Wernher von Braun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wernher von Braun

FøddWernher Magnus Maximilian Freiherr von Braun
23. mars 1912
Wyrzysk
Død16. juni 1977
Alexandria i Virginia
NasjonalitetDet tyske riket, USA, Det tyske keisardømet, Weimarrepublikken, Vest-Tyskland
Områdeluft- og romfartsteknikk
Yrkefysikar, flyingeniør, faglitterær forfattar, oppfinnar, militær
InstitusjonarUnited States Army
NASA
Fairchild
Wehrmacht
Heereswaffenamt
Alma materEidgenössische Technische Hochschule Zürich
Technische Universität Berlin
Humboldt-Universität zu Berlin
Französisches Gymnasium Berlin
Hermann Lietz-Schule Spiekeroog
DoktorgradsrettleiarErich Schumann
EktefelleMaria von Braun
BarnMargrit von Braun
MedlemSS

Dr. Wernher Magnus Maximilian Freiherr von Braun (23. mars 191216. juni 1977) var ein tysk rakettforskar og romfartspioner. Han var ein av dei leiande forskarane i både det tyske rakettprogrammet og seinare for USA. Under andre verdskrigen arbeidde han med dei tyske V2-rakettane, verdas første ballistiske missil. Etter krigen vart han teken til fange og frakta til USA der han jobba med det amerikanske romfartsprogrammet Braun vart amerikansk statsborgar i 1955.

Wernher von Braun arbeidde som leiar for Redstone-programmet i Huntsville frå 1950. I 1960 vart han direktør for Marshall Space Flight Center i Alabama, og leidde utviklinga av Saturn V-raketten. Frå 1970 til 1972 var han vise-direktør i NASA. Etter at den amerikanske kongressen vedtok omfattande budsjettkutt for organisasjonen, bestemde han seg for å forlate jobben. Braun vart så visepresident for Fairchild, eit luft- og romfartskonsern.

Den 16. juni 1977 døydde Wernher von Braun av kreft.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.