Hopp til innhald

Varmekraftmaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Varmekraftmaskinblokkdiagram.

Ei varmekraftmaskin er ei maskin som omformar termisk energi til mekanisk energi i ein termodynamisk syklus. Arbeidsprinsippet bygger på at termisk energi straumar frå område med høg temperatur til område med låg temperatur. Maskinar som nyttar mekanisk energi til å flytta varmeenergi frå eit område med låg temperatur til eit område med høgare temperatur vert kalla kraftvarmemaskinar, varmepumper eller kuldemaskinar.