Trevor Brooking
Trevor Brooking | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 2. oktober 1948 (76 år) Barking |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1982, EM i fotball 1980 |
Utmerkingar | kommandør i den britiske imperieorden, Knight Bachelor, medlem av Den britiske imperieordenen |
Trevor David Brooking (fødd 2. oktober 1948) er ein engelsk tidlegare fotballspelar og idrettsleiar frå Barking. Han var ein offensiv midtbanespelar, aktiv for West Ham United i 17 samfulle sesongar. I tida 1974-82 deltok han i 47 av Englands landskampar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Brooking spelte for West Ham frå august 1967 til mai 1984. Laget utmerkte seg aldri i ligaen, men tok seg til finalen i FA-cupen 1975 som 2. divisjonslag. På Wembley stadion vart det siger 2–0 over divisjonskollega Fulham FC. Året etter møtte West Ham det belgiske laget RSC Anderlecht i finalen i cupvinnarcupen, ein kamp som enda med tap 2–4 for Brooking & co. Våren 1980 skåra han det einaste målet då West Ham slo Arsenal FC 1–0 i FA-cupfinalen. Den 1. april 1981 måtte han og lagkameratane tole tap i omkampen mot Liverpool FC i den engelske ligacupfinalen.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Brooking landslagsdebuterte 3. april 1974 i eit mållaust oppgjer mot Portugal. Han spelte to av kampane då England rauk ut or Fotball-EM 1980 i gruppespelet, skåra det fyrste målet då Spania vart slått med 2 mot 1. Under VM i fotball 1982 var han innbytar i kampen mot Spania, ein kamp som vart hans 47. og siste i landslagsdrakt. Brooking skåra til saman 5 landslagsmål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av cupvinnarcupen: 1981 med West Ham United
- Vinnar av FA-cupen: 1975 og 1980 med West Ham United
- Finaletap i Cupvinnarcupen: 1976 med West Ham United
- Finaletap i ligacupen: 1981 med West Ham United
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Trevor Brooking» frå Wikipedia på engelsk, den 13. april 2022.