Hopp til innhald

The Village Voice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Village Voice

LandUSA[1]
TypeAvis[1]
FormatTabloid
Grunnlagd1955
Nedlagd31. august 2018
EigararCarter Burden
SpråkEngelsk
HovudkvarterNew York by
ISSN0042-6180
Nettstadhttp://www.villagevoice.com/ (engelsk)

The Village Voice, også kjend som berre The Voice, er ei gratisavis frå byen New York i USA som kjem ut ein gong i veka. Avisa blei grunnlagd i 1955 av Dan Wolf, Ed Fancher og forfattaren Norman Mailer. Ho var den første alternative avisa i USA, og er i dag den største.

Fleire kjende forfattarar har skrive for avisa gjennom tidene, til dømes Ezra Pound, Henry Miller, Barbara Garson, Katherine Anne Porter, James Baldwin, E.E. Cummings, Nat Hentoff, Ted Hoagland, Tom Stoppard, Lorraine Hansberry, Allen Ginsberg og Joshua Clover. Nokre redaktørar har vore Clay Felker og Tom Morgan.

Avisa blei kjøpt opp i 2005 av mediehuset New Times Media, og dette, saman med sparkinga av fleire bidragsytarar og nyheiter om ei oppdikta sak, svekka det radikale biletet av avisa.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 http://www.usnpl.com/addr/aaddressresult.php?id=2297.