Tørketid
Tørketid er ei årstid med lite eller ingen nedbør som ein hovudsakleg finn i tropisk og subtropisk klima. Ho kan vara i ulik tid ut frå kva som er vanleg i området det gjeld, frå ein månad til størsteparten av året. I tropane er det vanleg at tørketida finn stad i den kjølige delen av året, som i monsun- og savanneklima, medan ho vanlegvis fell om sommaren i subtropiske område, som i middelhavsklima. Nær ekvator kan ein ha to tørketider og to regntider, den eine tørketida som følgje av høgtrykkssona mellom dei to sonene i den intertropiske konvergenssona.
Under tørketida har ein låg luftfukt og lågare vasstand i elvar og vatn, i nokre høve kan dei tørka opp. Det uttørka landskapet er meir utsett for brann. Dyr trekker ofte til område der det er vatn. Menneske kan også flytta på seg, til dømes frå landbruksområde til byar, fordi dei ikkje får fram avlingar i tørketida. Uvanleg lange tørketider kan medverka til hungersnaud.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tørketid» frå Wikipedia på bokmål, og «Dry season» frå Wikipedia på engelsk den 31. januar 2009.
Vår | Sommar | Haust | Vinter | Regntid | Tørketid |
Årstidene |