Saltstraumen
Utsjånad
67°13′48″N 14°36′35″E / 67.23000°N 14.60972°E
Saltstraumen (lulesamisk Stuorstrávve) er ein av verdas sterkaste tidvasstraumar og ligg i Bodø kommune mellom Knapplundøya og Straumøy. Fylkesveg 17 kryssar sundet via Saltstraumbrua.
Saltstraumen er òg ein populær fiskeplass, og trekker til seg mange turister sumarstid, mest tyskarar.