Reidar
Utsjånad
Reidar er eit nordisk mannsnamn av norrønt opphav. Reidar har namnedag den 9. mai i Sverige og den 28. juli i Noreg.
Det norrøne namnet Hreiðarr er danna av det norrøne hreiðr, 'reir' eller 'heim', og det urnordiske *hariaR, 'krigar'.
Namnet var blant dei mest brukte gutenamna i Noreg frå rundt 1900 til rundt 1935.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Reidar Øksnevad (1884-1958), norsk litteraturhistorikar og bibliotekar
- Reidar Omang (1897-1964), norsk arkivar
- Reidar Jørgensen (1904-1985), norsk idrettsmann
- Reidar Carlsen (1908-1987), norsk politikar (Ap)
- Reidar Liaklev (1917-2006), norsk skøyteløpar
- Reidar Morset (1918–?), norsk programleiar
- Reidar Djupedal (1921–1989), norsk språkforskar
- Reidar Tveit (f. 1921), norsk tannlækjar og ordførar i Førde
- Reidar Andreas Hirsti (1925–2001), norsk redaktør, forfattar og politikar
- Reidar Andreassen (f. 1932), norsk idrettsutøvar
- Reidar Hjermstad (f. 1937), norsk idrettsutøvar
- Reidar Johnsen (f. 1948), norsk politikar og ordførar
- Reidar Sandal (f. 1949), norsk politikar
- Reidar Brendeland (f. 1951), norsk musikar, frå Vestlandsfanden
- Reidar Lindseth (f. 1953), ordførar i Flatanger
- Reidar Larsen (f. 1955), norsk bluespianist
- Reidar Sørensen (f. 1956), norsk skodespelar
- Reidar Kjelsen (f. 1970), norsk illustratør og barnebokforfattar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Reidar» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juli 2009.