Naturressursrekneskap
Utsjånad
Naturressursrekneskap er eit oversyn over faktisk og total bruk av naturressursar i løpet av eit år.
I Noreg blir det i dag ikkje ført eit slikt heilskapleg nasjonalt oversyn over bruken av naturressursar, med det blei foreslått av eit statleg utval i samband med etableringa av Miljøverndepartementet i 1972. I det årlege nasjonalbudsjettet blir det i dag gjort ei vurdering av tilstanden på 17 indikatorar for berekraftig utvikling. Kvart år kunngjer SSB eit samla oversyn over ressurs- og miljøstatistikk, og sidan 2010 har Direktoratet for naturforvalting gjeve ut ein rapport om naturmangfaldet i høve til ein naturindeks. Likevel har ingen av desse til føremål å gi eit totalt oversyn over naturressursane og bruken av dei.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Ottar Julsrud: Mellom himmel og jord. Unipub 2012.
- Bredo Berntsen: Grønne linjer; natur- og miljøvernets historie i Norge. Unipub 2011.
- Kristin Asdal: Knappe ressurser. Universitetsforlaget 1998.
- Alf-Inge Jansen: Makt og miljø. Universitetsforlaget 1989.