Hopp til innhald

Les Ferdinand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Les Ferdinand


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 8. desember 1966 (57 år)
Acton i London
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1998, EM i fotball 1996
Utmerkingar medlem av Den britiske imperieordenen

Leslie Ferdinand (fødd 8. desember 1966) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Acton. Han var angrepsspelar. Rio Ferdinand er syskenbarnet hans.

Ferdinand var innom eit titals fotballklubbar som aktiv. 1988/89-sesongen gjorde han teneste i tyrkiske Beşiktaş, der han var med å vinne den nasjonale cupen, skåra eitt av dei tre finalemåla for laget. Frå 1990 til -95 var han ein sentral og målkåt spelar for toppserielaget Queens Park Rangers. Etter to sesongar i Newcastle United skreiv han i 1997 kontrakt med Tottenham Hotspur. Våren 1999 tok han del då Leicester City vart slått 1-0 i ligacupfinalen.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand deltok i 17 av England sine landskampar i tida 1993-98. 2. juni 1993 spelte han heile kampen då Noreg slo England 2-0 på Ullevål stadion i Oslo. Ferdinand var med i dei engelske troppane til EM i fotball 1996 og VM i fotball 1998, kom ikkje på bana i korkje. Han skåra 5 landslagsmål.

  • Tyrkisk cupmeister: 1989 med Beşiktaş
  • Andreplass i engelsk liga: 1996 med Newcastle United
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1999 med Tottenham Hotspur
  • Finalist i den engelske ligacupen: 2002 med Tottenham Hotspur