Gunnar
Gunnar er eit mannsnamn som var særs populært i Noreg på 1920- og 1930-talet. Opphavet er norrønt, der 'gunn' er eit ord for strid, medan endinga -ar er avleidd av harjaR, som tyder 'krigar' eller 'hærførar'. Gunnar har namnedag den 9. januar i Noreg og Sverige.
Variantar av namnet er Gunner og Gunder. Det kan òg vera avleidd frå dei gammalhøgtyske orda gund og heri med same tyding som dei norrøne. På tysk finn ein dette namnet som Günther.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Gunnarr er blant dei ti vanlegaste mannsnamna funne i nordiske runeinnskrifter frå norrøn tid, og namnet var derfor truleg utbreidd i Norden på denne tida. Det funne 56 runeinnskrifter med dette namnet. Av desse er fire funne i Noreg, Bohuslän og Jämtland. Den vanlegaste skrivemåten for namnet var (kunar).[1]
Gunnar var blant dei mest brukte namna for nyfødde gutar i Noreg i tida mellom rundt 1900 og rundt 1955.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Knudsen, (1848–1928), norsk statsminister
- Gunnar Heiberg (1857–1929), norsk forfattar
- Gunnar Berg (1863–1893), norsk biletkunstnar
- Gunnar Andersen (1890-1968), norsk fotballspelar og skihoppar
- Gunnar Myrdal (1898–1987), svensk økonom og politikar
- Gunnar Ekelöf (1907–1968), svensk forfattar,
- Gunnar Sønsteby (1918-2012), norsk motstandsmann under andre verdskrigen
- Gunnar Aasland (f. 1936), norsk jurist og høgsterettsdommar
- Gunnar Berge (f. 1940), norsk politikar, tidlegare finansminister og kommunalminister
- Gunnar Hansen (f. 1947), islandsk-amerikansk filmskodespelar
- Gunnar Staalesen (f. 1947), norsk forfattar
- Gunnar Pettersen (f. 1955), norsk handballtrenar
- Gunnar Bovim (f. 1960), norsk medisinprofessor, rektor ved NTNU frå 2013.
- Gunnar Wærness (f. 1971), norsk diktar
- Gunnar Eggen (f. 1946), norsk travtrenar og kusk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Gunnar» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mars 2009.
- Fotnotar
- ↑ «Nordiskt runnamnslexikon». Arkivert frå originalen 25. februar 2011. Henta 19. mars 2009.