Grunnkrins
Grunnkrins er ei eining brukt for å gruppere bustadar og innbyggjarar i Noreg.
Grunnkrinsar er den minste geografiske eininga Statistisk sentralbyrå fører statistikk over, til bruk for kommunal og regional analyse, forvalting og planlegging. Kommunane i Noreg er såleis delte inn grunnkrinsar, og ein eller fleire grunnkrinsar utgjer eit delområde.
Grunnkrinsar skal vere stabile over ei rimeleg tidsperiode, og dei skal bestå av geografisk samanhengande område. Dei bør også vere mest mogleg einsarta når det gjeld natur og næringsgrunnlag, kommunikasjonstilhøve og bygningsmessig struktur.
Ein eller fleire grunnkrinsar utgjer delområde, som altså er ei geografisk eining som ligg mellom kommune og grunnkrins. Dette slik at data som blir for detaljerte på grunnkrinsnivå kan løftast opp eit nivå. Det er lagt vekt på at delområda høyrer naturleg saman kommunikasjonsmessig, og gjerne er ei naturleg eining.
Kvar grunnkrins har ei åttesifra talkode, der dei fire første siffera er kommunenummeret, dei to neste siffera er nummeret for delområde, og dei to siste er nummeret for grunnkrinsen.
I 2008 var det registrert 13965 grunnkrinsar i Noreg, fordelt på om lag 1543 delområde.