Hopp til innhald

FA-cupfinalen i fotball 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

FA-cupfinalen i fotball 2017 fann stad på Wembley stadion i London den 27. mai med 89 472 tilskodarar på tribunane. Kampen mellom London-klubbane Arsenal FC og Chelsea FC enda med siger 2–1 til Arsenal.

Lagoppstillingane med Arsenal i raudt

Allereie i det 4 . minutt var chilenaren Alexis Sánchez frampå og gav Arsenal leiinga. Ein halvtime ut i andre omgang kvitterte brasiliansk-spanske Diego Costa for Chelsea, men allereie tre minutt seinare vart Aaron Ramsey matchvinnar for Arsenal.

Arsenal sitt vinnarlag bestod av: David Ospina, Rob Holding, Per Mertesacker (kaptein), Nacho Monreal, Héctor Bellerín, Aaron Ramsey, Granit Xhaka, Alex Oxlade-Chamberlain, Mesut Özil, Danny Welbeck, Alexis Sánchez. Olivier Giroud kom inn på bana i det 78. minutt, Francis Coquelin i det 82. og Mohamed Elneny straks før dommaren bles av kampen. Dei erstatta Welbeck, Oxlade-Chamberlain og Sánchez.

Chelsea-mannskapet: Thibaut Courtois, César Azpilicueta, David Luiz, Gary Cahill (kaptein), Victor Moses, N'Golo Kanté, Nemanja Matić, Marcos Alonso, Pedro Rodríguez, Diego Costa, Eden Hazard. Etter tur entra Cesc Fàbregas, Willian Borges da Silva og Michy Batshuayi bana i den andre omgangen.

Anthony Taylor dømde kampen.