Bnei Brak
Bnei Brak Bene Beraq | |||
בְּנֵי בְּרַק | |||
by | |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Tel Aviv distrikt | ||
Koordinatar | 32°05′N 34°50′E / 32.083°N 34.833°E | ||
Areal | 7,088 km² | ||
Folketal | 168 800 (2012)[1] | ||
Folketettleik | 23 815 / km² | ||
Grunnlagd | 1924 | ||
Borgarmeister | Hanoch Zeibert (Agudat Yisrael) | ||
Bnei Brak 32°04′51″N 34°50′02″E / 32.08074°N 34.8338°E | |||
Kart som viser Bnei Brak.
| |||
Wikimedia Commons: Bnei Brak | |||
Nettstad: www.bnei-brak.muni.il |
Bnei Brak eller Bene Beraq (hebraisk: בְּנֵי בְּרַק) er ein by i Israel ved Middelhavet og den israelske kystsletta, like aust for Tel Aviv, i Gush Dan storbyområde og Tel Aviv distrikt. Bnei Brak er eit senter for ultraortodoks jødedom.
Bnei Brak dekkjer eit område på 709 mål. I følgje tal frå Israelsk statistisk sentralbyrå hadde han mot slutten av 2009 154 400 innbyggjarar, med ein årleg vekstrate på 1,7 %.[2] I november 2012 var folketalet i byen 176 556, noko som gjer han til den 10. største byen i Israel.[3] Bnei Brak er av dei fattigaste og tettaste folkesette byane i Israel.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bnei Brak er kalla opp etter den gamle bibelske byen Beneberak, som er nemnt i Tanakh (Josva 19:45) i ei lang liste over byar i det gamle Judea. Namnet er òg av somme nemnt som eit framhald av namnet på landsbyen Ibn Ibraq, som låg 4 km sør for der Bnei Barak vart grunnlagd i 1924.[5]
Bnei Brak vart grunnlagd som ein jordbrukslandsby av Yitzchok Gerstenkorn og ei gruppe olske hasidiske jødar. På grunn av landmangel vart mange av grunnleggjarane tvungne til å ta andre yrke og landsbyenn byrja etter kvart å få eit urbant preg. Arye Mordechai Rabinowicz, tidlegare rabbi i Kurów i Polen, var den første rabbien. Byen vart sett opp som ein religiøs busetnad frå starten av.[6]
I folketeljinga i 1931 var folketalet i Benei Beraq 956, berre jødar, fordelt på 255 hus.[7]
Bnei Brak fekk bystatus i 1950.
Kjende personar frå Bnei Brak
[endre | endre wikiteksten]- Meir Kessler, rabbinar
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Bnei Brak er venskapsby med:
- Lakewood i New Jersey i USA[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bnei Brak» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- ↑ «Statistical Abstract of Israel 2012 - No. 63 Subject 2 - Table No. 15». .cbs.gov.il. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 5. september 2015.
- ↑ «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014.
- ↑ «בני ברק – העיר העשירית בגודלה בארץ» [Bnei Brak - The Tenth Largest City i Country] (på hebraisk). Israel National News. Henta 11. april 2012.
- ↑ No walk in the park in Bnei Brak, arkivert frå originalen 1. april 2009, henta 5. september 2015
- ↑ Cancik, Hubert, Peter Schäfer and Hermann Lichtenberger (1996), Geschichte-Tradition-Reflexion: Festschrift Für Martin Hengel Zum 70. Geburtstag. Mohr Siebeck. ISBN 3-16-146675-6. s. 484.
- ↑ «Bnei Brak at 75: City of Torah and Chassidus». Dei'ah VeDibur. Henta 14. oktober 2014.
- ↑ Mills, 1932, s. 13
- ↑ Nahshoni, Kobi (May 31, 2011). «Bnei Brak Gets Twin Sister». Ynetnews. Henta 31. mai 2011.