Hopp til innhald

Administrasjonsrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Administrasjonsrådet i Vitenskapsakademiet, Oslo (1940)

Administrasjonsrådet styrte Noreg ei kort tid under andre verdskrigen, frå 15. april til 25. september 1940.

Administrasjonsrådet var inga eigentleg regjering, men eit styringsorgan oppretta av Høgsterett, mot den dåverande regjeringsleiaren Vidkun Quisling sitt ynskje, den 15. april 1940. Tyskland hadde då okkupert delar av Noreg. Medlemene gav ein truskapseid til det tyske riket sin fullmaktshavar, Curt Bräuer. Vidkun Quisling understreka seinare at den fyrste regjeringa hans ikkje hadde svore slik truskap.

Administrasjonsrådet vart oppløyst 25. september 1940 av Reichskommissar Josef Terboven, og erstatta av eit kommissarisk råd oppretta av han sjølv.

Administrasjonsrådet var desse personane: