30. mars
Utsjånad
30. mars er den 89. dagen i den gregorianske kalenderen (90. under skotår). Det er 276 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 30. mars i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Holger og Olga |
Sverige | Holger og Holmfrid |
Danmark | Qvirinius |
Helgendag i den katolske kyrkja:
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1282: Opprøret på Sicilia mot fransk styre, kjend som den sicilianske aftansongen, braut ut.
- 1296: Den første skotske sjølvstendekrigen. Engelske kong Edward I tok Berwick-upon-Tweed og slakta ned innbyggjarane.
- 1801: Den engelske flåten under leiing av Horatio Nelson bombarderte festninga på Kronborg.
- 1814: Den sjette koalisjonskrigen under Napoleonskrigane. Koalisjonen mot Frankrike tok Paris, noko som førte til at Napoleon måtte gå av som keisar og reisa i eksil.
- 1867: USA kjøpte Alaska av Russland for 7,2 millionar dollar.
- 1912: Sultan Abdelhafid av Marokko skreiv under på Fez-traktaten som gjorde Marokko til eit fransk protektorat.
- 1918: Dei blodige Marsdagane braut ut i Baku og tilstøytande område i Baku-guvernementet i Det russiske imperiet (no Aserbajdsjan).
- 1981: Ronald Reagan overlevde eit attentatforsøk i Washington.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1935: Opninga av Hardangerbanen.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 30. mars.
- 1135: Maimonides, jødisk teolog og filosof.
- 1326: Ivan II av Russland
- 1432: Mehmed II av Det osmanske riket
- 1746: Francisco Goya, spansk kunstmålar
- 1811: Robert Bunsen, tysk kjemikar
- 1820: Anna Sewell, britisk forfattar kjend for Silkesvarten
- 1844: Paul Verlaine, fransk lyrikar
- 1878: Nils Waltersen Aasen, norsk oppfinnar
- 1853: Vincent van Gogh, kunstmålar
- 1882: Melanie Klein, austerriksk-britisk psykoanalytikar
- 1914: Sonny Boy Williamson, amerikansk musikar
- 1945: Eric Clapton, britisk musikar
- 1965: Tracy Chapman, USA-amerikansk popmusikar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 30. mars.
- 365: Ai av Jin, kinesisk keisar
- 1526: Konrad Mutian, tysk humanist
- 1664: Guru Har Krisjan, den åttande sikh-guruen
- 1717: Sébastien Le Prestre de Vauban, fransk militæringeniør
- 1842: Élisabeth Vigée Le Brun, fransk målar
- 1848: Jonas Anton Hielm, norsk jurist og politikar
- 1925: Rudolf Steiner, austerriksk tenkjar
- 1936: Conchita Supervía, spansk operasongar
- 1950: Léon Blum, fransk statsminister
- 1977: Abdel Halim Hafez, egyptisk songar og skodespelar