1400-talet
Utsjånad
< 1400-talet > viser til hundreåret frå 1400 til 1499 i den julianske kalenderen.
Oppdagingar og utviklingar
[endre | endre wikiteksten]- Trykking med lause blytypar blei utvikla i Europa og gav opphav til opplysingstida.
- Renessansen i europeisk kunst og vitskap.
- Yongle dadian, verdas første kjende leksikon, blei til i Kina. Det hadde 22 000 bind.
- Hangulalfabetet blei skapt i Korea.
- Oppdagingstida tok til mot slutten av hundreåret. Europearen Christopher Columbus kom til Amerika mot slutten av hundreåret. Vasco da Gama fann sjøvegen frå Europa til India og skapte dermed det første alternativet til Silkevegen.
Verda
[endre | endre wikiteksten]Afrika
[endre | endre wikiteksten]Vest-Afrika
[endre | endre wikiteksten]- Kongedømmet Mali, prega av svake herskarar, blei herja av songhaiar, tukulorar, bambaraer, mossiar og tuaregar, og blei redusert til det opphavlege området sitt ved øvre Niger.
- Beduinarstammen banu hilal spreidde seg langs kysten og undertrykka berbarane i Mauritania.
- Fulfuldear tok makta i Senegal ved byrjinga av århundret.
Sentrale Afrika
[endre | endre wikiteksten]- Songe-stammen etablerte seg ved øvre Kongo og grunnla kongedømmet Luba.
Aust-Afrika
[endre | endre wikiteksten]- Arabiske handelsfolk var på sitt mektigaste i Zanzibar.
- Kongedøma Darfu og Kordofan blei grunnlagde i aust-Sudan.
- Bounyororiket hadde si stordomstid. Det dekte Etiopia, Kenya, Tanganyika og Rwanda.
- Kontakt mellom Etiopia og Jerusalem gjorde at den etiopiske kristendommen igjen kunne koma i kontakt med Vesten (konsilet i Firenze, 1438-1445).
Sørlege Afrika
[endre | endre wikiteksten]Amerika
[endre | endre wikiteksten]- Pachacuti grunnla Inkariket (1438).
- Aztekarane under Moctezuma I blei den dominerande makta i Mesoamerika (1440–69).
- Maya-toltekarsivilisasjonen på Yucatán tok slutt mot 1500.
Eurasia
[endre | endre wikiteksten]Vest-Asia
[endre | endre wikiteksten]- Paramesjvara grunnla Malacca-sultanatet (1402).
- Timurid-renessansen i Sentral-Asia rundt byane Herat og Samarkand.
- Tibet hadd sekulært styre ei kort tid. Religionsreformatoren Tsong-kha-pa (1357-1419) grunnla ordenen geluk, kjend for sine gule hattar.
- Islam kom til Vest-Java ved byrjinga av hundreåret. Hinduismen gjekk tilbake og var til slutt berre religion på Bali. Islam kom til Kalimantan rundt 1400, deretter Suluøyane sør på Filippinane og til Molukkane mot slutten av hundreåret.
Aust-Asia
[endre | endre wikiteksten]- Mingynastiet hadde makta heile hundreåret.
- Hovudstaden i Kina blei flytta frå Najing til Beijing i 1403.
- Zheng He utforska Indiahavet (1405–33)
Europa
[endre | endre wikiteksten]- Hundreårskrigen tok slutt.
- Bysantarriket gjekk under med fallet av Konstantinopel (1453).
- Rosekrigane, borgarkrig i England (1455-1485).
- Den kristne gjenerobringa av Spania blei fullført (1492)
- Kalmarunionen mellom Danmark, Noreg og Sverige.
- Spania blei teke tilbake frå maurarane, sameina til eitt rike, og voks til ei kolonimakt ved først å leggja under seg Kanariøyane og seinare delar av Amerika.
- Den spanske inkvisisjonen blei oppretta (1481).
- Dei italienske krigane som braut ned dei italienske bystatane tok til (1494).
Personar
[endre | endre wikiteksten]- Jan Hus (ca. 1369–1415), bøhmisk religiøs reformatør
- Zheng He (1371 –1433), kinesisk admiral og oppdagar
- Flavio Biondo (1392–1463), italiensk historikar, den første som brukte omgrepet Mellomalderen.
- Sejong av Joseon (1397–1450), koreansk herskar som utforma skriftspråket hangul
- Johann Gutenberg (1398–1468), tysk trykkekunstutviklar
- Kabir (ca. 1398–1440-åra), indisk diktar som lovprisa ein felles gud for muslimar og hinduar.
- Jeanne d'Arc (1412–1431), fransk helgen og nasjonalheltinne
- Mehmed II av Osmanarriket (1432–1481), erobra Konstantinopel
- Mattias Corvinus av Ungarn (1443–1490)
- Christofer Columbus, italiensk oppdagar (c. 1451–1506)
- Dronning Isabella av Castila (1451–1504) og kong Ferdinand II av Aragon (1452–1516), sameina Spania gjennom ekteskapet sitt og gjorde landet til ei kolonimakt.
- Leonardo da Vinci, italiensk oppfinnar og kunstnar (1452–1519).
- Henry VII av England, grunnleggjar av Tudor-dynastiet (1457–1509)
<< 1400 | 1401 | 1402 | 1403 | 1404 | 1405 | 1406 | 1407 | 1408 | 1409 | 1410 | 1411 | 1412 | 1413 | 1414 | 1415 | 1416 | 1417 | 1418 | 1419 | 1420 | 1421 | 1422 | 1423 | 1424 | 1425 | 1426 | 1427 | 1428 | 1429 | 1430 | 1431 | 1432 | 1433 | 1434 | 1435 | 1436 | 1437 | 1438 | 1439 | 1440 | 1441 | 1442 | 1443 | 1444 | 1445 | 1446 | 1447 | 1448 | 1449 | 1450 | 1451 | 1452 | 1453 | 1454 | 1455 | 1456 | 1457 | 1458 | 1459 | 1460 | 1461 | 1462 | 1463 | 1464 | 1465 | 1466 | 1467 | 1468 | 1469 | 1470 | 1471 | 1472 | 1473 | 1474 | 1475 | 1476 | 1477 | 1478 | 1479 | 1480 | 1481 | 1482 | 1483 | 1484 | 1485 | 1486 | 1487 | 1488 | 1489 | 1490 | 1491 | 1492 | 1493 | 1494 | 1495 | 1496 | 1497 | 1498 | 1499 >>