12. juli
Utsjånad
12. juli er den 193. dagen i den gregorianske kalenderen (194. under skotår). Det er 172 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldag i Kiribati | Nasjonaldag på São Tomé og Príncipe |
Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 12. juli i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Elias og Eldar |
Sverige | Herman og Hermine |
Danmark | Henrik |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 526: Innsetjinga av pave Felix IV.
- 1690: Slaget ved Boyne, the Battle of the Boyne, då Vilhelm av Oranien (Vilhelm III av England) og protestanthæren hans vann over den katolske Jakob II av England. Denne viktige hendinga i nordirsk historie blir fortsatt feira av Oransjeordenen med kontroversielle opptog.
- 1730: Lorenzo Corsini blei innsett som pave Klement XII, 78 år gammal.
- 1806: Liechtenstein fekk sjølvstende.
- 1970: Sivbåten Ra II nådde Bridgetown på Barbados.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1743: To fiskarar frå Kvalsund i Herøy hevda å ha sett ein havmann under fiskje på havet.
- 1896: Noregs Ungdomslag vart skipa.
- 1945: Den aller fyrste landssviksaka tok til i Eidsivating lagmannsrett.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 12. juli.
- 1730: Josiah Wedgwood, britisk pottemakr og keramikar
- 1817: Henry David Thoreau, amerikansk forfattar og filosof
- 1884: Amedeo Modigliani, italiensk kunsntnar
- 1895: Kirsten Flagstad, songar
- 1904: Pablo Neruda, chilensk lyrikar
- 1936: Otto Hageberg, litteraturforskar
- 1940: Anja Breien, filmskapar
- 1974: Magnus Marsdal, journalist og forfattar
- 1985: Emil Hegle Svendsen, skiskyttar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 12. juli.
- 1536: Erasmus frå Rotterdam, nederlandsk humanist
- 1682: Jean Picard, fransk astronom
- 1845: Henrik Wergeland, norsk forfattar
- 1935: Alfred Dreyfus, fransk offiser
- 1997: Ragna Breda, norsk skodespelar