Hopp til innhald

Bhumibol Adulyadej av Thailand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rama IX)
Bhumibol Adulyadej (Rama IX)
พระบาทสมเด็จพระปรมินทรมหาภูมิพลอดุลยเดช

Regjeringstid9. juni 1946-13. oktober 2016
Fødd5. desember 1927
FødestadMount Auburn Hospital
Død13. oktober 2016
DødsstadSriraj-sjukehuset
GravstadWat Bowonniwet Vihara, Wat Ratchabophit, Chakri Maha Prasat Throne Hall
FøregangarAnanda Mahidol (Rama VIII)
EtterfølgjarMaha Vajiralongkorn (Rama X)
Gift medSirikit av Thailand
DynastiThailandske regentar, House of Mahidol
FarMahidol Adulyadej
MorSrinagarindra
BornUbolratana Rajakanya, Maha Vajiralongkorn, Chulabhorn Walailak, Maha Chakri Sirindhorn

Bhumibol Adulyadej (5. desember 192713. oktober 2016),[1] med kongetittelen Rama IX, var konge av Thailand frå 1946 til han døydde i 2016. Han sat på trona i over 70 år, noko som gjorde han til den lengst regjerande herskaren i thailandsk historie,[2] og før han døydde var han det lengst sitjande statsoverhovudet i verda.[3]

Kong Bhumibol overtok trona då broren døydde i 1946, og vart formelt krona i 1950. Han var gift med dronning Sirikit (fødd 1932). Tronfylgjaren er sonen Maha Vajiralongkorn.

Bhumibol vart i 1960 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Nasjonalt symbol, men med politisk makt

[endre | endre wikiteksten]

Formelt har kongen lite makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar for buddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer nærast dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette. Kritikk av kongefamilien er uhøyrt. Sjølv om landet er eit konstitusjonelt monarki, har kongen gripe inn i politikken ved ulike høve. I 1992 brukte kongen innverknaden sin til å stoppa samanstøyt mellom hæren og demonstrantar. I regjeringstida hans har det vore fleire militærkupp. Kuppmakarar har lagt vekt på å æra kongen. Den 19. september 2006 avsette militæret statsminister Thaksin Shinawatra, og utnemnde kongen til statsoverhovud. I ei uttale la dei vekt på å «sikra fred og æra kongen, som vert sett på som den mest høgvyrda av alle thaiar».

  1. «Thailand's King Bhumibol Adulyadej dies, aged 88». The Straits Times. Henta 13 October 2016. 
  2. «A Royal Occasion speeches». Journal. Worldhop. 1996. Arkivert frå originalen 12 May 2006. Henta 5 July 2006. 
  3. Salo, Jackie (12 April 2015). «What Is King's Day? Facts, History About Thailand's Royal Birthday Celebration». International Business Times. Henta 5 February 2016. 
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.